Den 84 år gamle polskfødde paven vart sendt til Gemelli-sjukehuset i Roma 1. februar med akutte pusteproblem etter å ha vorte ramma av influensa.
Han er også hardt ramma av Parkinsons sjukdom, ei kronisk liding som angripå nervesystemet.
I går kunne han, for første gong på sine 26 år som øvste leiar for den romerskkatolske kyrkja, ikkje leie den store oskeonsdag-seremonien i Vatikanet.
Oskeonsdag-seremonien markerer inngangen til fasteperioden i den katolske kyrkja.
Pave-talsmann Joaqin Navarro-Valls seier at paven vil sende takkebrev til alle som har vore med på å pleie han dei 10 dagane han har vore på sjukehuset.