Hopp til innhold

Paven seier ja til borgarleg partnarskap for homofile

Pave Frans seier for første gong ja til borgarleg partnarskap mellom to personar av same kjønn. Det skjer i ein ny dokumentarfilm.

Pave Frans

ENDRAR HALDNING: Pave Frans seier ja til partnarskap for personar av same kjønn.

Foto: FILIPPO MONTEFORTE / AFP

Filmen «Francesco» hadde premiere på filmfestivalen i Roma onsdag.

Midtveges tek filmen for seg kva saker den katolske kyrkja bryr seg mest om: Miljø, fattigdom, migrasjon, økonomisk og etnisk forskjell, og folk som rammes mest av diskriminering.

– Homoseksuelle personar har rett til å vere i ein familie. Dei er Guds barn, seier Frans i filmen.

– Det vi må ha, er ei sivil partnarskapslov, på den måten er dei juridisk dekt, legg paven til.

Første gong

Då paven var erkebiskop i Buenos Aires, omfamna han òg sivile partnarskap for homofile par som eit alternativ til ekteskap for personar av same kjønn.

Som pave har han likevel aldri komme med ei slik offentleg støtte før no.

Fråsegna til paven kjem i ein del av filmen der han snakkar om Andrea Rubera, ein homofil mann som har adoptert tre barn saman med partnaren sin.

Rubera forklarte paven at dei ønskte å oppdra barna som katolikkar, men at dei var usikre på korleis dei ville bli mottekne, skriv NBC.

Omstridt

Haldninga til den katolske kyrkja til homofili har vore omstridt, men pave Frans har fleire gonger vist ein forsonande haldning.

– Der er mykje kyrkja skal be om unnskyldning for. Men når det gjeld de homofile, held det ikkje ein gong å be om orsaking. Vi må be om at dei kan tilgje oss, sa han mellom anna i 2016.

I 2018 valde likevel Vatikanet å redigere pave Frans' tilråding om at foreldre til barn som viser teikn til å vere homofile kan vurdere å søkje psykiatrisk hjelp.

– Når det viser seg heilt frå barndommen av, er det mykje som kan gjerast ved hjelp av psykiatri, slik at ein kan sjå korleis det ligg an. Det er noko heilt anna dersom det kjem til syne etter 20 år, sa pave Frans då.

Då Vatikanet seinare publiserte ei attgjeving av utsegnene til paven, var referansen til psykiatri fjerna.

– Då paven refererte til psykiatri, er det tydeleg at han gjorde det for å understreke eit døme på ting som kan gjerast. Men med det ordet meinte han ikkje å seie at det (homofili) er mental sjukdom, sa ei talskvinne.

I 2015 fekk òg ein prest i Vatikanet sparken etter å ha stått fram som homofil.

SISTE NYTT

Siste nytt