Hopp til innhold

- Ekteskapet mellom mann og kvinne er i Guds bilete

Pave Frans, som har vore hylla av for sine forsonande utspel om homofili, kom i dag med utsegner som kan tolkast som at han står på det tradisjonelle synet til den katolske kyrkja.

Pave Frans på Petersplassen.

Pave Frans vinkar til dei meir enn 45.000 frammøtte på Petersplassen i dag.

Foto: ALESSANDRO BIANCHI / Reuters

Den ferske paven sa under sin faste onsdagstale på Petersplassen i Roma i dag at ekteskapet mellom mann og kvinne er i Guds bilete. Framfor 45.000 truande prisa han ekteskapet mellom mann og kvinna, utan å nemne homofile sin situasjon.

Leiar Bård Nyland i LLH, Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner meiner at dette ikkje er overraskande utsegner frå pave Frans.

Bård Nylund

Bård Nylund i LLH er ikkje overraska over pave Frans sine utsegner om ekteskapet.

Foto: LLH

Dette stadfestar berre at paven har eit tradisjonelt syn på ekteskapet, og at vi ikkje bør ha dei store håpet til at han er meir liberal enn han faktisk er, seier Nyland til NRK.no

I eit intervju i fjor fekk pave Frans spørsmål om den katolske kyrkja sitt syn på homofile. Då svara han: – - Skal eg dømme ein homofil som vender seg til Gud?

Kåra til Årets Namn

Utsegna vart tolka som at den katolske kyrkja kunne vere i ferd med å sjå på homofilt samliv med nye auge. Det eldste og viktigaste amerikanske homsemagasinet, «The Advocate», kåra paven til Årets Namn 2013 for det dei meiner er synspunkt som har starta ein debatt om homofili i den katolske kyrkja.

Mange internt i kyrkja har kritisert paven for det dei meiner er ei altfor forsonande haldning til homofile. Forgjengaren til pave Frans, pave Benedikt XVI, tok heilt avstand frå homofilt samliv og sa at det var i strid med Guds ord.

Samstundes har pave Frans fått mykje ros frå liberale krefter, som meiner at han har gitt nytt håp om at den katolske kyrkja kunne vere i ferd med å endre syn på homofilt samliv.

I talen sin på Petersplassen i dag sa pave Frans blant anna dette:

– Når ein mann og ei kvinne feirar det heilage sakramentet ekteskap, så reflekterer dei Gud. Det gifte paret er i Guds bilete, ikkje berre mannen, ikkje berre kvinna, men begge to, og dette er svært vakkert.

Det gamle synet

Pave Frans på Peterplassen.

Pave Frans sa i talen sin på Petersplassen i dag at ekteskapet mellom mann og kvinne er i Guds bilete.

Foto: ALESSANDRO BIANCHI / Reuters

Det italienske nyheitsbyrået ANSA trur at talen hans i dag vil bli tolka som om ei presisering av det gamle synet til den katolske kyrkja om at ekteskapet berre er for mann og kvinne.

Leiar i Åpen Kirkegruppe i Oslo, Frode Kinserdal, seier til NRK.no at paven sine utsegner kan tolkast begge vegar. Han meiner at når paven sa at han ikkje kunne dømme andre, så gjaldt det også homofile.

Open Kirkegruppe er ei tverrkyrkjeleg gruppe som arbeider for kristne homofile og lesbiske sine rettar.

– Når han på Petersplassen i dag seier at ein mann og ei kvinne utgjer Guds bilete, så treng ikkje det vere i motsetning til det han har sagt tidlegare. Eg trur paven har hatt eit ynskje om å utvide perspektivet på homofile og lesbiske noko, og det han har sagt ved andre høve kan vi kanskje oppfatte som ein positiv tendens, seier han.

Han legg til at kan det liggje ting i utsegnene som kan vere vanskeleg å forstå utan å vere ekspert.

– Sprikande utsegner

– Paven kan vere meir open for å gi homofile og lesbiske plass og rom i kyrkja og akseptere legningane deira og lengten etter kjærleik. Samstundes held han fast ved eit meir tradisjonelt skriftsyn og ser det som meir problematisk å akseptere at kjærleiken kan levast ut, seier Frode Kinserdal.

Han meiner det er problematisk at fråsegnene til paven sprikar såpass mykje.

– Blant dei homofile katolikkane eg kjenner, har paven sine tidlegare utspel blitt tolka som om den katolske kyrkja er på veg, men at det samstundes er ein lang veg igjen å gå. Det paven sa i dag kan tolkast som at han ikkje aksepterer lesbisk og homofil kjærleik. Det er problematisk når vi veit kor mange homofile og lesbiske det er i den katolske kyrkja, seier han.

Han uttrykkjer ynskje om at alle religiøse leiarar, ikkje berre paven, skal snakke tydeleg om desse spørsmåla, og ikkje ordleggje seg på måtar som kan skape tvil om kva dei meiner.

SISTE NYTT

Siste nytt