Hopp til innhold

Pave Frans lei av fokuset på abort, homofile og prevensjon

– Den romersk-katolske kyrkja er altfor oppteken av abort, ekteskap for homofile og prevensjon. Vi må ha eit nytt fokus, seier pave Frans til ei italiensk avis.

Pave Frans i Vatikanet.

Pave Frans meiner den katolske kyrkja skal bry seg mindre om abort, homofili og prevensjon.

Foto: TIZIANA FABI / Afp

I eit intervju med den italienske jesuittavisa La Civiltà Cattolica slår den ferske paven fast at kyrkja skal vere ein heim for alle, og ikkje berre for ei lita sekt fokusert på dogme og moralsk hudfletting av andre.

– Den katolske kyrkja sitt moralske byggverk kan falle saman som eit korthus, om ho ikkje balanserer sine splittande lover og reglar opp mot kravet om at kyrkja skal vere ein miskunnsam, meir open stad for alle, seier paven blant anna i intervjuet.

Kan vekkje reaksjonar

Pave Frans held tale i Vatikanet.

Pave Frans viser meir og meir at han står for ein del andre verdiar enn forgjengarane sine.

Foto: TIZIANA FABI / Afp

Pave Frans er også jesuitt, og redaktøren av avisa er jesuittpresten Antonio Spadaro, som også har ført intervjuet med paven i pennen. Frans er også den første jesuitten som har blitt pave.

Utsegnene til pave Frans er venta å vekkje sterke reaksjonar blant ein del katolikkar, ikkje minst i USA. Den katolske kyrkja i USA har vore ein sterk pådrivar for å stå hardt på prinsippa som forbyr abort, ekteskap for homofile og bruk av prevensjon.

Katolske biskopar i USA skal også ha stått bak pave Benedikt XVI sitt angrep på amerikanske nonner, som vart skulda for å la trua og misjoneringa vere mindre viktig enn arbeidet for sosial rettferd for fattige.

Åndeleg intervensjon

Utsegnene frå pave Frans tyder på at han står for ei heilt anna line i dette spørsmålet enn forgjengaren og dei amerikanske biskopane.

Paven seier i intervjuet at det ikkje er slik at den katolske kyrkja ikkje skal kunne uttrykkje si meining. Likevel har dei ikkje rett til å intervenere åndeleg i liva til homoseksuelle og lesbiske, seier han.

Dermed går paven endå lenger enn han gjorde i juli i år, då han sa at ikkje hadde nokon rett til å fordømme homofile .

Pave Frans, argentinaren som er den første paven frå Latin- Amerika, seier også at kvinner må spele ei viktig rolle i alle avgjerder som den katolske kyrkja skal ta.

– Trongsynte reglar

– Kyrkja har av og til hengt seg opp i bagatellar, i trongsynte reglar. Guds folk vil ha sjelesørgjarar, ikkje prestar som oppfører seg som byråkratar eller tenestemenn frå regjeringa, seier han i intervjuet.

Intervjuet i La Civiltà Cattolica er omsett til fleire språk og kjem ut i 16 ulike land. Intervjuet er det mest omfattande paven har gitt om synet sitt på framtida til den romersk-katolske kyrkja.

– Den katolske kyrkja må vere som eit feltsjukehus etter eit slag. Vi skal hele såra til dei truande og gå ut for å finne dei som er såra, ekskluderte eller fråfalne, seier han i intervjuet. Og han held fram:

– Det nyttar ikkje å spørje ein alvorleg såra person om han har høgt kolesterol eller om korleis blodsukkernivået hans er. Først må vi hele såra hans, så kan vi snakke om alt mogleg anna.

LES OGSÅ: Pavens utsending etterforskes for pedofili

LES OGSÅ; Paven støtter demonstrantene i Brasil

– Reprimande frå biskop

Sist veke skreiv den amerikanske biskopen Thomas Tobin frå Rhode Island i ein artikkel at han var litt skuffa over at pave Frans ikkje hadde teke opp abortspørsmålet sidan han vart valt.

I intervjuet med La Civiltà Cattolica seier paven at han har fått reprimande for ikkje å snakka om desse spørsmåla, men at han ikkje treng å snakke om dei.

– Vi kan ikkje berre snakke om saker som er relaterte til abort, homofile ekteskap og bruk av preventiv. Det ville vere heilt umogleg, seier han.

LES OGSÅ: Pave Frans langer ut mot «økonomiens diktatur»

– Inga endring i læra

Den amerikanske avisa The New York Post skriv at ingenting av det pave Frans seier i dette intervjuet indikerer ei endring i den katolske kyrkja si lære. Men avisa sin kyrkjemedarbeidar Leonhard Greene meiner at han signaliserer ei ny måte å snakke om ting på, og nye prioriteringar i forhold til forgjengarane Benedikt og Johannes Paul.

LES OGSÅ: Pavens nye sko

LES OGSÅ:

SISTE NYTT

Siste nytt