Hopp til innhold

Pave-attentatmann sett fri

Mannen som prøvde å drepe pave Johannes Paul II i 1981, vart i dag sett frå eit fengsel i Tyrkia.

Mehmet Ali Agca (t.v.) på veg ut av fengselet i ein politibil saman med advokaten sin.

Mehmet Ali Agca (t.v.) på veg ut av fengselet i ein politibil saman med advokaten sin.

Foto: Cem Ozdel/Anatolia / Scanpix/Reuters

Arkivbilete frå 2006 av Mehmet Ali Agca.

Mehmet Ali Agca fotografert i 2006.

Foto: Osman Orsal / Scanpix/AP

Paven vart alvorleg såra i attentatet på Peterslassen i Roma, men kom seg til hektene igjen. To år seinare møtte Johannes Paul II attentatmannen Mehmet Ali Agca i fengeselet, og etter møtet sa han at han hadde tilgitt den tyrkiskfødde mannen.

LES OGSÅ: Bresjnev beordret drap på paven

LES OGSÅ: Pavens attentatmann løslatt

Etter attentatet mot paven måtte Agca sone 19 år i fengsel i Italia. Han vart utlevert til heimlandet Tyrkia, der han måtte stå til ansvar for drapet på ein avisredaktør før drapsforsøket mot paven.

Pave Johannes Paul møtte attentatmannen Mehmet Ali Agca i fengselet i 1983.

Pave Johannes Paul møtte attentatmannen Mehmet Ali Agca i fengselet i 1983.

Foto: Arturo Mari / Scanpix/AFP

Mehmet Ali Agca tilhøyrde ei ultranasjonalistisk tyrkisk gruppe, som stod bak fleire alvorlege bankran.

Psykisk tilstand

Den psykiske tilstanden til Agca (52) har lenge vore eit tema. Han har framstilt seg sjølv som Kristus, han har sagt at han handla åleine i attentatet mot paven, men har også sagt at han handla på oppdrag frå det bulgarske hemmelege politiet.

Den bulgarske etterretninga vart trekt for retten i Roma på 1980-talet, men det vart aldri bevist at dei stod bak angrepet. Men mange har hevda at det sovjetiske hemmelege politiet KGB og det bulgarske hemmelege politiet brukte Agca for å prøve å ta livet av paven.

BBC-korrespondent i Tyrkia, Jonathan Head, seier at Agca no har sjansen til å oppklare eitt av dei store mysteria frå det 20. århundret, kva som var motivet for attentatet mot pave Johannes Paul II.

Dette biletet vart teke like etter paven vart skoten på Petersplassen i 1981.

Johannes Paul II får hjelp av livvaktene sine etter attentatet på Petersplassen i Roma 13. mai 1981.

Foto: Arturo Mari / Scanpix/AFP

Lite truverdig

Men Head er ikkje veldig optimistisk på dette feltet. Han viser til alle dei merkverdige fråsegnene Agca har kome med frå fengselet, og at same kva han vil fortelje, så vil han ha problem med truverdet.

Advokaten til Agca seier han er tilboden fleire millionar dollar for å fortelje historia si.

Jonathan Head fortel at det er få som trur at Agca handla åleine då han prøvde å ta livet av paven, men at det er lite truleg at den verkelege historia om det som skjedde nokon gong vil kome fram.

Verdas ende

I samband med athan vart sett fri i dag, sende Agca ut ei fråsegn som iallefall ikkje vil stanse spekulasjonane om den pyskiske helsa hans. Her proklamerer han verdas ende. og seg sjølv som Kristus igjen.

Heile verda vil bli øydelagd i løpet av dette århundret, heile menneskeslekta vil dø ut i dette århundret, eg er den evige Kristus, heiter det i fråsegna frå Mehmet Ali Agca.

Han skal no gjennom ein legesjekk på eit militærsjukehus. Dette fordi han er skulda for å ha lurt seg unna militærtenesta for meir enn 30 år sidan.

Det vart stort tryggingsoppbod då Mehmet Ali Agca vart sett fri.

Det vart stort tryggingsoppbod då Mehmet Ali Agca vart sett fri i dag.

Foto: Umit Bektas / Scanpix/Reuters

LES OGSÅ: Omstridt og bejublet pave

LES OGSÅ: Pave Johannes Paul II - en kort biografi

SISTE NYTT

Siste nytt