Hopp til innhold

Påtroppande CIA-sjef blir skulda for torturbakgrunn

Ho vart i dag nominert til å bli den første kvinnelege CIA-direktøren, og har ei lang og mørk karriere bak seg i dei hemmelege tenestene. Human Rights Watch krev at ho tek avstand frå tortur.

US-POLITICS-DIPLOMACY-INTELLIGENCE-HASPEL

TORTURIST? Gina Haspel blir CIAs første kvinnelege direktør.

Foto: HANDOUT / AFP

Gina Haspel rykker opp i sjefsstolen, etter at Trump utnemnde CIA direktør Mike Pompeo til utanriksminister.

Laster Twitter-innhold

Allereie meiner kritikarane at veteranspionen Gina Haspel har for mykje bagasje frå dei mest brutale og hemmelege operasjonane til amerikansk etterretning.

– Ho må forklare kva som var hennar rolle i CIAs avhøyrsprogram, når godkjenningshøyringa byrjar i senatet, sa Arizona senator John McCain.

Han kalla CIAs tvangstransportar og tortur av fangar under president George W. Bush, eit av dei mørkaste kapitla i amerikansk historie.

Også Edward Snowden nytta høvet til å kritisere Haspel på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Dreiv hemmeleg fengsel i Thailand

Haspel er ein veteran innan antiterror etterretning, karrieren hennar går tilbake til 1985.

I 2002 skal ho ha administrert eit hemmeleg CIA-fengsel i Thailand, der mistenkte jihadistar vart torturerte.

New York Times skriv at Haspel hadde oversyn med brutale avhøyr av to fangar, Abu Zubaydah og Abd al-Rahim al-Nasri.

Laster Twitter-innhold

Zubaydah vart utsett for vasstortur 83 gangar på ein månad, og vart fleire gangar kasta med hovudet først inn i ein vegg, til agentane var overtydde om at han ikkje sat på viktig informasjon.

Medfange al-Nasri fekk same behandling, i tillegg til at agentane trua med å borre hol i hovudet hans med ein elektrisk drill.

FILES-US-UNREST-PRISONERS-CIA-TORTURE-TRIAL

GUANTÁNAMO BAY: CIA hadde hemmelege fengsel over heile verda, men endestasjonen for fangane var som oftast Guantánamo Bay basen på Cuba. Både Zubaydah og al-Nasri vart sende til denne basen, etter å ha blitt torturert i mellom anna Thailand, ein operasjon den nye CIA-direktøren hadde oversyn med.

Foto: PAUL J. RICHARDS / AFP

Øydela bevis

Avhøyra vart filma, og lagra ved CIA-stasjonen i Thailand til 2005. Da kom det ein ordre om å destruere dei. Ifølgje New York Times var det Haspel som gav denne ordren, noko CIA meiner ikkje er korrekt. Byrået meiner det var sjefen hennar som var ansvarleg, Jose Rodriguez, som på den tida leia dei «hemmelege» operasjonane til CIA.

Kontroversiell

Men da CIA peika ut Haspel til å ta over etter Rodriguez, fekk dei motstand av den demokratiske senatoren frå California, Dianne Feinstein. Ho grunngav dette med at ho meinte Haspel destruerte videotapane i Thailand.

I dag slår Feinstein an ein litt meir forsonande tone, skriv The Guardian journalist Sabrina Siddiqui på Twitter.

Laster Twitter-innhold

– Krev at Haspel tek avstand frå tortur

Laura Pitter i Human Rights Watch krev at både Haspel og sjefen hennar, den nominerte utanriksministeren Mike Pompeo, tek avstand frå tortur.

Human Rights Watch er uroa over Trump sine haldningar til tøffe metodar, og at han forfremjar to som ikkje ser ut til å sky slike metodar.

– Begge må kome med klare utsegn der dei gjer det klart at dei ikkje vil gå tilbake til nokon form for overgrep under avhøyr.

– Og med tanke på den mørk historia til CIA, må representantane i kongressen passe ekstra godt på denne løyndomsfulle tenesta, skriv Pitter.

Ho påpeikar at både Haspel og Pompeo hadde sentrale roller i det sokalla «rendition» programmet, som kom i stand etter angrepa 11. september, der fangar vart frakta til fengsel i land som praktiserte tortur.

Der vart dei plasserte i hemmelege fengsel, og avhøyrde med vald av CIA-agentar.

Laster Twitter-innhold