NRK Meny
Normal

Passasjertog i brann i Israel

76 menneske vart skadde då det braut ut brann om bord på eit passasjertog i Israel i dag tidleg.

Video Brann i passasjertog i Israel

VIDEO: Dramatisk brann i passasjertog i Israel

Ingen skal vere alvorleg skadd, men 48 menneske er tekne til sjukehus. Dei fleste har berre lettare røykskadar og skrubbsår, men fem av passasjerane har fått brannskadar

Årsaka til bannen er ikkje klar, men israelske nettaviser melder at det kan ha vore snakk om ein drivstofflekkasje i ein av motorane i lokomotivet.

Polititalsmann Micky Rosenfeld seier til AFP at det er starta etterforsking av brannen, men at dei i utgangspunktet verkar å ha vore eit uhell.

Radiostasjonen til den israelske hæren melder at brannårsaka truleg var ei elektrisk kortslutning.

Toget var på veg frå det nordlege Israel til Tel Aviv då brannen vart oppdaga ikkje lagnt frå byen Netanya i det sentrale Israel, 15 kilometer frå Tel Aviv.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt