Hopp til innhold

Påskehandelen er berga

Nordmenn som hadde planlagt påskehandel i Sverige kan puste letta ut. Det blir ikkje streik i svenske butikkar.

Nordmenn på svenskehandel i Charlottenberg

Det blir påskehandel i Charlottenberg også i år.

Foto: Simen Sveen / NRK

LO-fagforbundet Handeln hadde varsla streik frå 1. april, men har etter eit initiativ frå meklarane utsett streikevarselet med ei veke til 8. april.

Leiar i Handeln, Lars Anders Häggstrôm, stadfestar overfor det svenske nyheitsbyrået TT at dei har gått med på å utsetje streiken i ei veke.

LES OGSÅ: Påskehandelen i Sverige i fare

LES OGSÅ: Prishopp på svenske polvarer

- Vi forhandlar framleis. Vårt primære mål for å varsle streiken var å få fart i forhandlingane. Meklarane meiner at forhandlingane er så vanskelege at vi treng meir tid. Derfor har vi godteke å utsetje streikevarselet, seier Häggström.

Arbeidsgjevarorganisasjonen Svensk Handel håpar at utsetjinga av streikevarselet vil føre til ei løysing på konflikten.

Påskeveka, og spesielt skjærtorsdag, er toppsesong for nordmenn som reiser til Sverige for å handle. Svenske butikkeigarar frykta store tap dersom ein streik hadde stansa handelenen desse dagane.

LES OGSÅ: Hamstrer vitaminer i Sverige

LES OGSÅ: Svenskehandelen øker kraftig

SISTE NYTT

Siste nytt