Hopp til innhold

Partifelle til Trump: – You're fired!

Donald Trump sine kontroversielle utsegn har skapt harme innanfor det republikanske partiet. – Nok er nok, seier ein av konkurrentane. – Idiot, svarer Trump.

GOP 2016 Trump Donald Trump

– Idiot, seier Trump om sin kollega Lindsey Graham. Nominasjonskampen i Det republikanske partiet er i full gang, og kandidatane hakkar laus på kvarandre. Trump er førebels bestemann på meiningsmålingane.

Foto: Stephen B. Morton / Ap

– Donald Trump har gått over ein strek i dag som fører til at han fornærmar nærast alle eg kjenner, seier presidentkandidat for Det republikanske partiet, Lindsey Graham, ifølgje CNN.

– Idiot, svarer Trump

Han legg til at amerikanske veljarar berre har ein beskjed dei kan gje til Trump.

– You're fired! (Du har sparken, journ. anm)

Graham bruker dermed Trump sin berømte setning frå TV-programmet «The Apprentice», der deltakarane kjempar om ein jobb i milliardærens konsern, men der dei også får sparken ein etter ein på veg fram mot finalen.

USA-ELECTION/GRAHAM U.S. Republican presidential candidate Senator Graham listens to former U.S. Senator Lieberman during a campaign event in New York

Lindsey Graham er presidentkandidat for Det republikanske partiet, og fekk måndag draghjelp frå sin gode ven, senator John McCain, som sjølv var Republikanarane sin presidentkandidat i 2008-valet. Både McCain og Graham får gjennomgå av Donald Trump.

Foto: BRENDAN MCDERMID / Reuters

Trump slo kraftig tilbake på eit valmøte i Sør-Carolina i natt.

– Idiot, var hans svar til Graham.

– Er han ein tiggar?

Han haldt deretter fram med å fortelje ei fleire år gamal historie om då Graham hadde ringt han for å få tilgang til TV-kanalen Fox News og eit økonomisk bidrag til valkampen.

– Eg spør meg sjølv, kven er denne fyren? Er han ein tiggar, sa Trump.

Trump har hatt fleire andre kontroversielle utsegn, og det siste i rekka er påstanden om at konkurrenten og partifellen John McCain ikkje er nokon krigshelt fordi han berre sat i fengsel medan han var i Vietnam. McCain var krigsfange i fem år.

– Eg likar folk som ikkje vart tekne til fange. Er det okay, spurte Trump tilhøyrarane som svarte med gisp og buing.

Gjort seg upopulær blant latinamerikanarane

Avisa The Washington Post har etter utspelet forsøkt å få fram kontrastane i Trump og McCain sine ungdomsår.

For medan McCain sat som krigsfange, så levde Trump det glade studentliv og var oppteken med «fine middagar, vakre kvinner og tvilsame klubbar».

Trump har også fått mykje merksemd etter at han langa ut mot den latinske delen av det amerikanske folk, og særskild meksikanarane. Han meiner Mexico har eksportert valdtektsmenn og andre kriminelle til USA.

Han har seinare forsøkt å moderere utsegna ved å seie at det ikkje berre gjeld meksikanarar, men at dei kjem frå alle deler av Latin-Amerika.

Laster Twitter-innhold

Gjer det bra på målingane

Men sjølv om han får mykje kritikk, og skapar opprør innanfor sitt eige parti, så gjer Trump det særs bra på meiningsmålingane. I helga viste to meiningsmålingar at Trump leia blant dei republikanske kandidatane.

I går kom ei ny måling som viste endå betre tal. Der hadde Trump 24 prosent av stemmene, mot Scott Walker og Jeb Bush sine høvesvis 13 og 12 prosent.

Ekspertane trur likevel at populariteten vil minke. Målingane viser nemleg at Trump ikkje har nokon sjanse mot demokratane sin favoritt, Hillary Clinton, om det skulle ende opp med at dei vinn nominasjonskampane og blir dei to som til slutt skal kjempe om jobben som USAs president.

SISTE NYTT

Siste nytt