Hopp til innhold

Partane fremja krav før fredssamtalene starta

Dei første krava frå partane, som skal forhandle om fred i Jemen, kom allereie før fredssamtalene starta torsdag. Ekspertar har lita tru på noko stort gjennombrot.

Jemen samtaler.

Fredssamtalene vert haldne ved Johannesberg slott i Rimbo, nokre mil nord for Stockholm.

Foto: Stina Stjernkvist/tt / NTB scanpix

For første gong på over to år skal partane møtast. Denne gongen er det Sverige som er vert for samtalene, som vert haldne ved Johannesberg slott, nord for Stockholm.

– Vi må handle no, før vi mister kontroll over framtida til Jemen, sa Martin Griffiths, FNs utsending til Jemen, då samtalene starta.

Målet er å få ein slutt på krigen i Jemen, som snart har vart i fire år. Rundt 10.000 menneske er drepne i konflikten, og FN kallar det for verdas verste humanitære katastrofe.

Saelem Mohammed Noman Al-Mughalles is seen during an interview outside Johannesberg Castle, in Rimbo

Saelem Mohammed Noman Al-Mughalles og representantane for Houthi-opprørarane kom til Sverige tysdag, medan regjeringsdelegasjonen kom onsdag.

Foto: Tt News Agency / Reuters

Krav om våpenkvile

Det er representantar frå Houthi-opprørarane og frå regjeringa i Jemen som skal prøve å kome fram til ei løysing.

Like før forhandlingane starta torsdag kom utanriksministeren i Jemen med krav om at opprørarane må trekkje seg ut av den strategisk viktige hamnebyen Hodeida.

Samtidig krev opprørarane at den internasjonale flyplassen i hovudstaden Sana vert opna heilt igjen. Om ikkje dette skjer, vil dei nekte FN å bruke flyplassen.

– Dersom ikkje flyplassen vert opna i løpet av samtalene i Sverige, kjem eg til å be det politiske rådet og regjeringa i Sana om at flyplassen vert stengt for alle fly, skriv Mohammed Ali al-Huthi på Twitter.

Kjelder hos begge partar seier at dei vil krevje våpenkvile, der motparten må gå føre. Dei vil også krevje at det vert opna humanitære korridorar.

Tysdag vart partane samde om fangeutveksling, som skal skje under oppsyn av Røde Kors etter at samtalene i Sverige er avslutta. Griffiths meiner dette er stor framgang.

Martin Griffiths

FN-utsending Martin Griffiths har hatt kontakt med begge sider av konflikten.

Foto: Mohamed Al-sayaghi / Reuters

Fleire mislykka forsøk

Sist gong partane forhandla var i 2016. Då kollapsa samtalene etter 100 dagar, utan noko løysing. Analytikarar og diplomatar har ikkje store forventingar til at det kjem noko store gjennombrot denne gongen.

– Eg ville hatt svært låge forventningar, seier ein diplomat tilknytt FNs tryggingsråd til nyheitsbyrået AFP.

Også professor og Midtausten-kjenner, Mohammad Fazlhashemi, seier at ein ikkje må ha for store forventningar. Han minner om at partane er svorne erkefiendar, og berre det at dei vil forhandle er eit steg i rett retning.

Respekt og dialog

Hans Corell er tidlegare utanrikssekretær i FN, og har forhandla i fleire internasjonale konfliktar. Han er ikkje involvert i samtalene om Jemen, men meiner det generelt er viktig å skape godt humør rundt forhandlingsbordet.

Hans Corell

Hans Corell har tidlegare forhandla i konfliktar i Irak, Kenya og det tidlegare Jugoslavia.

Foto: Andy Eames / AP

– Det er veldig viktig at ein får dialog mellom partane slik at ein konstruktivt kan diskutere det som er dei store problema i kvar forhandling, seier Corell til Sveriges Radio.

Ifølgje han ligg mykje av ansvaret hos meklaren, som i dette tilfellet hos Griffiths, men også på partane sjølve. Corell seier at det viktigaste er å ha respekt for kvarandre.

– Diskuter på ein slik måte at begge partar kan forlate forhandlingane med ei kjensle av at dei har oppnådd resultat, som er gode både for ein sjølve og for den andre parten, seier Corell.

Nøytral part

Kva rolle Sverige skal ha i forhandlingane er enno ikkje klart. Det er avhengig av kor mykje støtte Griffiths treng.

Sveriges utanriksminister Margot Wallström var også til stades då samtalene starta, og ho takka partane for at dei hadde kome.

– Det som trengst no er kompromiss og mot, sa Wallström.

Jan Eliasson

Jan Eliasson er tidlegare visegeneralsekretær i FN.

Foto: Salvatore Di Nolfi / AP

Tidlegare visegeneralsekretær i FN, Jan Eliasson, trur Sverige har mykje å vinne på å hjelpe og legge til rette for fredssamtalene.

– Sverige tener på å vere kjent som eitt land som samlar partar og søker fredelege løysingar, seier han.

Trass risikoen for at også desse samtalene kan kollapse, trur Eliasson at det er viktig å gi samtalene ein sjanse.

SISTE NYTT

Siste nytt