Hopp til innhold

Valdagsmåling: Park Geun-hye blir ny president i Sør-Korea

Ei valdagsmåling frå sørkoreansk fjernsyn viser at den konservative kandidaten Park Geun-hye ser ut til å vinne presidentvalet i landet.

Park Geun-hye kan bli ny president i Sør-Korea.

Park Geun-hye leier på valdagsmålingane etter presidentvalet i Sør-Korea.

Foto: KIM HONG-JI / Reuters

Moon Jae-in er venstresida sin kandidat ved presidentvalet i Sør-Korea.

Moon Jae-in ser ut til å tape presidentvalet i Sør-Korea.

Foto: KIM HONG-JI / Reuters

Den konservative Park ser ut til få 50.1 prosent av røystene, medan venstresida sin kandidat, Moon Jae-in, ser ut til å få 48,9 prosent, ifølgje målingane.

Park Geun-hye er dottera til den tidlegare militærdiktatoren Park Chung-hee, som styrte Sør-Korea i 18 år etter at kona til den dåverande presidenten vart drepen i eit attentat.

Stort frammøte

Vallokala stengde klokka 10 norsk tid.

Nyheitsbyrået AP melder om stort frammøte til valet, trass i det kalde vêret i hovudstaden Seoul. Politiske analytikarar i landet har sagt at ei høg valdeltaking vil vere ein fordel for den liberale Moon Jane-in.

Det var lange køar framfor vallokala i Seoul heilt til stengetid, blir det opplyst. Like før vallokala stengde var valdeltakinga på 59 prosent, som er 11 prosent høgare enn ved presidentvalet for fem år sidan.

Spent forhold til Nord-Korea

Då vann noverande president, den konservative Lee Myung-bak, ein klar siger.

Presidentvalet skjer i ein periode der spenninga med nabolandet Nord-Korea er høg. Dei to presidentkandidatane har i hovudsak same synet på politikken overfor den lunefulle naboen i nord.

Saka blir oppdatert

SISTE NYTT

Siste nytt