NRK Meny
Normal

Panama lovar å samarbeide med etterforskarar

Panama lovar «energisk samarbeid» med skattemyndigheiter og politi som etterforskar Panama-avsløringane. Men OECD meiner Panama det siste store skatteparadiset, og at styremaktene har gjort lite for å rydde opp.

PANAMA-PAPERS-MOSSACK FONSECA-VARELA

Panamas president Juan Carlos Varela blir grilla av pressen om lekkasjen. Han lovar å rydde opp, men har blitt kritisert av OECD for å gjere lite i praksis for meir openheit.

Foto: EDUARDO GRIMALDO / Afp

– Vi er alle saman i kampen for økonomisk openheit. Ikkje berre i vårt land, men i alle land, sa presidenten i Panama, Juan Carlos Varela.

Han lovar «energisk» samarbeid med alle etterforskingar som oppstår i etterkant av dokumentlekkasjane frå advokatfirmaet Mossack Fonseca.

Statsadvokaten vil etterforske

Dette blir bekrefta av statsadvokaten i ei pressemelding.

–​ Opplysningar som er komne fram i samband med lekkasjen av dei sokalla «Panamapapers» vil bli etterforska, skriv statsadvokatkontoret.

OECD: – Panama «det siste store skatteparadis»

Men OECD kritiserer Panama for å ha gjort alt for lite for å kome pengevasking og skattesvik til livs.

– Panama er den siste store skanse for dei som vil gøyme unna pengar frå likningsmyndigheiter og politi, skriv OECD i ein kommentar på avsløringane.

Ifølgje OECD braut nyleg Panama lovnader om å gjere finansinformasjon tilgjengeleg.

– Panama må skape orden i eige hus, skriv OECD.

CORRUPTION-BANK-GOVERNMENT-PANAMA-ASSETS-POLITICS

Fleire har hamna i søkelyset etter lekkasjen. Mellom anna den argentinske presidenten Mauricio Macri, Emirat-leiar Sheikh Khalifa bin Zayed al-Nahayan, den Saudiarabiske kongen Salman bin Abdulaziz, den ukrainske presidenten Petro Porosjenko og den islandske statsministeren Gunnlaugsson.

Foto: - / Afp

– Har operert lovleg i 40 år

Advokatfirmaet Mossack-Fonseca seier i ei utsegn at media har gjort ei skeiv framstilling av forretningsdrifta deira.

– Vi har operert i 40 år utan å ha blitt tiltalt for lovbrot, ei heller har vi blitt etterforska, skriv advokatfirmaet på sine heimesider.

Mossack-Fonseca forsikrar dei ikkje hjelper klientane gøyme pengar frå skattemyndigheitene.

Det å nytte skatteparadis er i utgangspunktet ikkje ulovleg. Men det kan bli brukt til å vaske pengar og å unndra seg skatt.

Kor lekkasjen kjem frå

Ifølgje Süddeutsche Zeitung, datt lekkasjen ned i innboksen deira. Avsendar var «John Doe.» Kontakten skulle berre skje over krypterte linjer.

– Livet mitt er i fare, vi kan aldri møtast, skreiv John Doe

Kvifor gjer du dette, spurde Süddeutsche Zeitung

– Eg vil offentleggjere desse brotsverka, skreiv «John Doe.»

Panama Offshore Accounts

Forretningsdelen av Panama City. Siste store skanse for dei som leiter etter skatteparadis, meiner OECD.

Foto: Arnulfo Franco / Ap

– Lekkasjen undergrev Panama som skatteparadis

I bloggen sin meiner Miami-advokat Rijock at lekkasjen kan undergrave tilliten til Panama som skatteparadis.

– Statsleiarar og kriminelle vil søke andre trygge hamner for dei svarte pengane sine, skriv han.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt