Det er palestinske tenestemenn som opplyser til nyheitsbyrået AFP at fleire av sjefane for tryggingsstyrkane på Gazastripa har fått sparken i dag.
Abdel-Razek al-Majaideh er sparka frå stillinga som tryggingssjef på Gazastripa. (Foto: AP/Scanpix)
Årsaka er at dei ikkje har greidd å hindre Hamas og andre ytterleggåande grupper å skyte rakettar og granatar mot israelske busetjingar.
Sjefen for styrkane, Abdel-Razek al-Majeideh, general Saeb al-Ajez og general Omar Ashur er blant dei som no må gå frå stillingane sine.
Mahmoud Abbas har forplikta seg til å hindre angrep på israelske mål, og er no under sterkt israelsk press om å gjere noko drastisk.
Israel har gjort det klart at dei ikkje aksepterer slike angrep, og at det set heile våpenkvileavtalen i fare.
Hamas og fleire andre militante grupper seier dei ikkje kenner seg forplikta av våpenkvileavtalen som vart inngått mellom Israel og dei palestinske styresmaktene i den egyptiske feriebyen Sharm el Sheikh sist tysdag.
Ingen vart skadd i angrepa i dag, men fleire bygningar i isarelske bygningar fekk store skadar. Det vart avfyrt over 40 rundar med granatar og rakettar mot busetjingar og israelske militærstillingar.