NRK Meny
Normal

Palestinske Jana (8) bruker telefonen som våpen

Ho har blitt lokalkjendis, åtte år gamle Jana Tamimi. I staden for å kaste stein eller utøve vald, er ho utstyrt med ein mobiltelefon. Med den filmar ho kvardagen til palestinske barn på Vestbreidda, og legg det heile ut på nettet.

Ung aktivist publiserer videoer om sin hverdag på Vestbredden

Sjå TV-innslag om den åtte år gamle aktivisten, Jana Tamimi, som vil vise omverda kva som skjer på Vestbreidda ved hjelp av eit mobilkamera. Reportasjen vart først sendt i Urix på NRK2 26.11.2014. Reporter er Petter Oulie-Hauge.

Ho spring mot ein liten demonstrasjon, omringa av israelske soldatar som skal stoppe markeringa.

– Aldri i verda. De vil aldri bli eit demokratisk land, roper ho til soldatane.

I handa held Jana Tamimi ein smarttelefon som ho gjer videoopptak med. Dei skal ho seinare publisere på internett, for å vise omverda kva som skjer på Vestbreidda.

– Vil fortelje omverda om det som skjer

Ho bur i den vesle palestinske byen Nabi Saleh, der mykje av utmarka, samt byen si drikkekjelde, er teken frå dei for å bli brukt i ein israelsk busetnad. Kvar veke, i tre år, har innbyggjarane i byen protestert mot okkuperinga etter fredagsbønna er over. Og til stades er Jana for å filme.

– Då me starta å gå til demonstrasjonane, så var det ikkje mange fotografer der med oss, så eg hadde ein idé om å dokumentere det som skjedde, og dele bodskapen, fortel jenta.

Ho seier ho ønskjer å fortelje omverda om det som skjer med palestinske barn, slik at resten av verda kan hjelpe til med å frigjere Palestina, og verne om palestinarane sine rettar.

– Okkupasjonen tek frå oss våre viktigaste rettar, som er retten til å leve, og retten til å svømme i sjøen. Når me er på veg til skulen vert me alltid stoppa av ulike barrierar, som fører til at me kjem for seint til skulen. Me vil leve i fridom, slik at når me går i gatene, så kjem det ingen busetjar som spring over oss, seier Jana.

– Vaksen opp med konflikt

Ho har blitt ei populær jente blant landsbyens knappe 600 innbyggjarar. Rundt 60 prosent av byens territorium er okkupert av busetjarar, og dei siste åra har det funne stad mange protestar mot okkupasjonen.

Jana si mor meiner at den vesle jenta og hennar kamp, er eit resultat av dei omgjevnadane som ho har vakse opp i.

– Demonstrasjonane starta då ho var tre år gamal. Sidan heimen vår er ved inngangen ev byen, så er det her mange av samanstøytane finn stad, og kor tåregassen og andre granatar vert fyrt av. Så ho har vakse opp i frykt og smerte, seier Nawal Tamimi.

Det bur rundt 500.000 israelske busetjarar på Vestbreidda og i Aust-Jerusalem, blant 2,4 millionar palestinarar. FN og fleire andre internasjonale organisasjonar har fleire gonger fordømd Israels okkupasjon på Vestbreidda, medan mange israelarar meiner det er deira gudgitte rett å få bu der.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt