Hopp til innhold

EUs utanrikssjef vil ha gransking av Gaza-angrep

Kontoret til Internasjonale Raudekrossen blei råka i angrep som tok livet av minst 22 palestinarar i og ved ein teltleir fredag. EU fordømmer angrepa og krev at dei som står bak blir stilte til ansvar.

I RUINAR: Gaza by laurdag.

I RUINAR: Gaza by laurdag.

Foto: AYMAN AL HASSI / Reuters

Kontoret til Internasjonale Raudekrossen (ICRC) blei råka då israelske stridsvogner skaut mot ein teltleir vest for Rafah fredag. Feltsjukehuset deira i Mawasi tok i mot 22 døde og 45 skadde etter angrepet.

– EU fordømmer skytinga som skada kontoret til Internasjonale Raudekrossen i Gaza og som førte til at fleire titals blei råka, seier Eus utanrikssjef Josep Borrell.

Fleire hundre personar på flukt held til i telt i området rundt kontoret til ICRC.

– Ei uavhengig gransking er nødvendig, og dei som er ansvarlege må bli stilte til ansvar, seier Borrell.

I denne saka kan du lesa om:

Råka av streifkuler

Ifølgje helsestyresmaktene i Gaza blei minst 25 drepne og 50 skadd i åtaket.

Ein talsperson for det israelske forsvaret IDF erkjenner ikkje ansvar for angrepet, men seier at det blir undersøkt, skriv nyheitsbyrået AFP.

– Skyting så farleg nær humanitære bygg, som partane i konflikten veit kor er, og som er tydeleg merka med Raudekrossen-symbol, set både tilsette og sivile liv i fare, seier organisasjonen.

Bygningane til den humanitære organisasjonen har fleire gonger blitt råka av streifkuler.

Leiaren av ICRC, Mirjana Spoljaric ber partane gjera meir for å vareta tryggleiken til sivile uansett kva side dei står på i konflikten.

Ho seier at det er her grensa går mellom «menneskeleg framferd og barbari», skriv AFP.

Fleire drepne i teltangrep

Det var teltleiren Al-Mawasi som blei råka i angrept, ifølgje palestinske helsestyresmakter.

Bilde frå teltleiren laurdag morgon viser utbrente telt og blodflekkar på bakken.

Røyken stig frå bakken dagen etter angrepet på teltleiren i Al-Mawasi.

Røyken stig frå bakken dagen etter angrepet på teltleiren i Al-Mawasi.

Ein mann går forbi eit utbrent telt i  Al-Mawasi.

Ein mann går forbi utbrende telt i Al-Mawasi.

Blodflekkar på bakken dagen etter angrepet på teltleiren i Al-Mawasi.

Blodflekkar på bakken dagen etter angrepet på teltleiren i Al-Mawasi.

Den internasjonale Røde Kors-komiteen (ICRC) seier kontoret deira i Rafah fekk skadar frå tunge prosjektil i eit angrep fredag.

Røde Kors-feltsjukehuset i Mawasi-område bekreftar å ha tatt i mot 22 drepne og 45 skadde etter angrepet.

Noregs Røde Kors koordinerer drifta av feltsjukehuset, som også er delvis finansiert av Noreg.

Teltleiren i Al-Mawasi.

Slik er det i teltleiren Al-Mawasi laurdag morgon. Minst 25 blei drepne og 50 skadde i angrepet fredag.

Foto: BASHAR TALEB / AFP

Jobba heile natta

– Teama våre har stått gjennom dette i løpet av natta, seier utanlandssjef i Røde Kors, Jørgen Haldorsen, til NRK.

Han seier at dei er uroa for situasjonen, særskilt etter ei hending som denne.

– Dette skulle vera eit trygt område. Partane må gjera meir for å beskytta sivile i Gaza, samt beskytta hjelpe- og helsearbeidarane som jobbar der, seier han.

Røde Kors sitt feltsjukehus. Bildet er teke i april.

Røde Kors sitt feltsjukehus. Bildet er tatt i vår.

Foto: Røde Kors

Utanlandssjefen seier at fem personar frå Noregs Røde Kors no jobbar ved feltsjukehuset.

– Dei beskriv ein svært krevjande kvardag. Det er vanskeleg for oss å førestilla oss korleis det er å vera midt i ei krigssone. Dei får med seg kva som skjer rundt. No var dei tettare på det siste døgnet. Det gjer inntrykk, seier Haldorsen.

Sterke reaksjonar etter teltangrepet i Al-Mawasi fredag.

Sterke reaksjonar etter angrepet i Al-Mawasi fredag.

Foto: Mohammed Salem / Reuters

Minst 100 drepne siste døgn

Augevitne fortel at angrepet skjedde i to omgangar.

Eit vitne Reuters har snakka med fortel at israelske styrkar fyrte eld mot teltleiren frå to stridsvogner.

Sørgjande har samla seg rundt lika av tre palestinarar som blei drepne i angrepet mot teltleiren i Al-Mawasi.

Sørgjande har samla seg rundt lika av tre palestinarar som blei drepne i angrepet mot teltleiren i Al-Mawasi.

Foto: Mohammed Salem / Reuters

Det israelske militæret seier at dei undersøker hendinga. Samstundes uttaler dei at «ei innleiande undersøking tyder på at det ikkje er nokon indikasjonar på at eit angrep blei utført av IDF i det humanitære området i Al-Mawasi».

Tidlegare sa IDF at styrkane deira utførte «presise, etterretningsbaserte» aksjonar i Rafah-området.

Mennesker drept siden 7. oktober 2023

Gaza
38.848
Siste uke:
466
Israel
1487
Sist oppdatert: 19.7.24

Kilder: Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza / FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) / Israelske myndigheter

Forbehold: Tall fra Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza skiller ikke mellom sivile og stridende, og kan periodevis være forsinket. Tallene fra israelske myndigheter viser at rundt 1200 sivile og soldater ble drept i forbindelse med Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023. 287 israelske soldater har blitt drept siden 27. oktober 2023. Ingen av tallene er bekreftet av uavhengige kilder. De palestinske tallene oppdateres daglig. Tall fra Israel oppdateres minst to ganger i uken.

Palestinske helsemyndigheiter seier at minst 101 menneske er drepne og 169 er skadde i israelske angrep på Gazastripa det siste døgnet.

Blir drivne på flukt igjen og igjen

Israel lova lenge at Rafah skulle vera ei trygg sone. Over 1,1 millionar palestinarar flykta difor dit frå angrepa lenger nord på Gazastripa.

Gazastripa er nesten heilt lukka. All flukt må skje innanfor dei strengt vakta grensene.

Flykte sørover. 13. oktober fekk éin million menneske beskjed om å forlate Nord-Gaza. Israel førebudde ein bakkeinvasjon av Gaza by.

Fleire hundre tusen flykta til byane i sør. Omtrent over natta meir enn dobla folketalet i byen Khan Younis seg.

Men snart får dei nye ordre om å flykte endå lenger sør. Khan Younis, som Israel kalla ei «trygg sone» i oktober, er blitt ein «farleg kampsone».

Samstundes blei palestinarar i nord isolerte. I mars stod den israelske Netzarim-korridoren klar, og deler Gaza i to. Det israelske forsvaret har bygd passasjen til militær bruk.

I mai fekk rundt 300.000 menneske i nord, beskjed om å flykte mot kysten i vest. Samstundes fekk nær éin million menneske i Rafah i sør, ordre fra IDF om å reise til al-Mawasi eller tilbake til Khan Younis.

Kartdata fra OpenStreetMap

Dei siste dagane har israelske stridsvogner rykka endå lenger inn i Rafah. Samstundes held angrepa frå lufta fram.

Stadig fleire flyktar frå byen, som for nokre månadar sidan husa over halvparten av Gazas 2,3 millionar innbyggjarar. No reknar ein at berre 65.000 er tilbake.

Dei andre er på nytt drivne på flukt. Mange av dei lever under svært vanskelege forhold blant krigsruinar i byen Khan Younis om lag ei mil lenger nord.

Palestinarar i teltleiren Al-Mawasi, vest i Rafah, sør på Gazastripa.

Palestinarar i teltleiren Al-Mawasi, vest i Rafah, sør på Gazastripa.

Foto: Mohammed Salem / Reuters

Agmed Byram som jobbar i Flytktninghjelpen i regionen seier til NTB at dei fleste som er fordrive frå Rafah no er pressa saman i raserte nabolag.

– Hovudsakleg i Khan Younis og Deir al-Balah, eller i overfylte leirar i Al-Mawasi der born må sova i sanda i fukt eller brennande hete, seier han.

– Gaza sine innbyggjarar er kort sagt pressa saman i område som anten er for farlege eller for overfylte, seier han.

Mangel på naudhjelp

Det internasjonale samfunnet, blant anna FNs øvste domstol ICJ, har pålagt Israel å stansa angrepa i Rafah.

Likevel har Israel gjennomført fleire angrep mot teltleirar i det sørlege området på Gazastripa.

Bildet er tatt 18. mai. Viser palestinarar som stormar lastebil fylt med naudhjelp.

Bildet er tatt 18. mai. Desperasjonen aukar i Gaza og lastebilar med naudhjelp risikerer å bli stansa og plyndra.

Foto: Abdel Kareem Hana / AP

Førre helg varsla Israels forsvar ein såkalla «taktisk pause» i offensiven sør på Gazastripa for å sleppa inn meir humanitær hjelp.

Både Verdas helseorganisasjon (WHO) og FNs matvareprogram (WFP) seier at den lova «pausen» ikkje har resultert i meir naudhjelp til Gaza.

Les også Open konflikt mellom Netanyahu og den militære leiinga

Israels statsminister Benjamin Netanyahu på eit kabinettmøte på statsministerens kontor i Jerusalem i juni 2023. Sidan har presset mot han auka enno meir.

Nye angrep laurdag

Laurdag melder Hamas om to nye angrep, denne gongen i Gaza by. 42 skal vera drepne.

Ifølgje Ismail al-Thawabta, sjefen for det Hamas-styrte pressekontoret, har dei to angrepa i Gaza by skjedd i bydelane Al-Tuffah og Al-Shati.

Til Al Jazeera opplyser Thawabta at minst 24 palestinarar blei drepne i angrepet mot Shati-leiren, medan 18 blei drepne i angrepet mot Al-Tuffah.

IDF stadfestar angrepa.

– For ei kort tid sidan angreip israelske kampfly to Hamas-mål i Gaza by-området, skriv dei.

SISTE NYTT

Siste nytt