Den palestinske politisjefen skal ha overlevd et attentat i dag. (Scanpix-foto)
I ei fråsegn frå det palestinske politiet heiter det at ei gruppe lovlause prøvde å drepe sjefen for og grunnleggjaren av det palestinske politiet, general Ghazi al-Jabali. Politisjefen kom uskadd frå angrepet.
11 politifolk og livvakter vart skadde i skytinga, blir det opplyst. Ein av dei døydde i kveld av skadane.
Både innanriksministeriet og den palestinske tryggingstenesta avviser at det var snakk om eit drapsforsøk. Tryggingstenesta seier at det oppstod ein krangel mellom al-Jabali og fire tryggingsoffiserar som hadde eit møte med han på kontoret hans.
Det blir ikkje sagt noko om kva ærend dei fire mennene hadde hos politisjefen, eller kva som førte til usemja. Alle dei som vart skadde i skytinga tilhøyrde det palestinske politiet.
Dei fire vart arresterte av tryggingstensta seinare på dagen, heiter det i ei melding frå tryggingstenesta.