Palestinske styresmakter gjekk i går hardt ut mot Israel og skulda dei for å stå bak drapet. Israel avviste skuldingane, og sa at det ikkje var i deira å interesse å ta livet av Khatab. Ein israelsk tenestemann sa at Khattab var ein av dei på palestinsk side som verkeleg ynskte å få til ei fredeleg løysing.
I dag har gruppa Bilal al-Ghul-martyrane teke på seg skulda for attentatet, og seier i ei melding til nyheitsbyrået AFP at dei tok livet av Khatab fordi han samarbeidde med israelarane. GBruppa har teke namnet etter ein ung palestinar som vart drepen av israelske soldatar sist veke.
Seint i går kveld vart to palestinarar drepne av israelske soldatar i byen Hebron på Vestbreidda. Ein åtte år gammal israelsk busetjar-gut og ein israelsk soldat var såra i skytinga.
Utanfor byen Tulkarem på Vestbreidda vart ei 22 år gammal palestinsk kvinne drepen og fire andre såra då ein palestinsk drosje vart sprengt i lufta. Det er uklart kva som førte til eksplosjonen.