10-åringen vart skoten i brystet av maskingeværeld frå ei israelsk stridsvogn, opplyser palestinsk politi. Det var innført portforbod i området like før skytinga, men det er ikkje meldt om kampar.
Den israelske hæren har førebels ikkje kommentert skytinga.
Samstundes trappar israelske styrkar opp jakta på militante palestinarar på Vestbreidda, etter sjølvmordsaksjonen nord i Israel i går der ein israelsk politimann vart drepen og ein sivil israelar vart alvorleg skadd. Den ytterleggåande grupperinga Jihad heilag krig har teke på seg skulda for sjølvmordsaksjonen.
Den israelske hæren opplyser at dei har arrestert ei Jihad-celle på fire personar i lndsbyen Itar, like ved Tulkarem. Hæren seier også at dei har arrestert ein mann som planla ein ny sjølvmordsaksjon.
Israels politisjef Schlomo Aharonishki åtvara i dag mot nye terroråtak i Israel, og at militante palestinarar heile tida prøver å gjennomføre nye terroraksjonar.
- Grunnen til at det har vore få aksjonar dei siste seks vekene er at politiet og hæren har over effektive i arbeidet med å stanse aksjonistar, seier Aharonishki til nyheitsbyrået AFP.
Tre palestinarar er arresterte for drapet på ein 67 år gammal israelar som vart funnen drepen i utkanten av Aust-Jerusalem i går. Israelsk politi seier dei tre har tilstått drapet, og at saka blir etterforska som ei kriminalsak.