Militante frå Al Aqsa-brigadane i aksjon under eit israelsk raid i Nablus sist helg. (Foto: AP/Scanpix)
Israelske militære kjelder opplyser at ei gruppe spesialsoldatar gjekk inn i ein flyktningleir i Nablus for å arrestere ein ettersøkt militant palestinar. Mannen skaut mot soldatane, og vart drepen då soldatan skaut tilbake, blir det opplyst.
Al Aqsa-brigadane
Ein talsmann for Al Aqsa-brigadane i flyktningleiren seier det var dei israelske soldatane som skaut først. Han seier at drapet er eit klart brot på våpenkvileavtalen, og at Al Aqsa-brigadane i løpet av kort tid vil avgjere om dei skal skal trekkje seg frå avtalen.
Palstinske kjelder seier at dei israelske spesialsoldatane var utkledde som palestinarar då dei gjekk inn i leiren.
Dette er første gang på fleire veker at Israel har teke livet av ein militant palestinar.
Sist laurdag skaut og drap israelske soldatar tre palestinske ungdomar nær grensa mellom Gazastripa og Egypt.
Ulovleg område
Den israelske hæren seier at ungdomane oppheldt seg i eit ulovleg område, og at dei ikkje reagerte på varselskot. Dei meiner ungdomane var på veg over grensa til Egypt for å delta i våpensmugling.
Frå palestinsk side blei det først hevda at gutane spelte fotball i området då dei vart skotne.
Tidlegare denne veka opplyste palestinske tryggingskjelder til nyheitsbyrået AFP at ungdomane var på veg til grensa for å stele israelske overvakingskamera som er utplasserte der.
Auka spenning
Opplysnintane baserte seg på forklaringane til to andre gutar som hadde vore saman med ungdomane som vart drepne.
Skytinga førte til auka spenning mellom Israel og palestinarane. Militante palestinarar skaut rundt 70 rundar med rakettar og granatar mot israelske busetjingar på Gazastripa etter episoden sist laurdag. Ingen vart skadd i desse angrepa.