Hopp til innhold

Palestinar drepen i flyangrep

Ein 25 år gamal er drepen i eit israelsk luftangrep sør på Gazastripa, ifølgje palestinske sjukehuskjelder.

Palestinarar ser på ein motorsykkel som vart øydelagd i angrepet

Palestinarar ser på ein motorsykkel som vart øydelagd i angrepet.

Foto: SAID KHATIB / Afp

Den drepne skal ha vore med i den væpna delen av Islamsk heilag krig, dei såkalla al-Quds-brigadane, skriv nyheitsbyrået AFP.

Det israelske forsvaret stadfestar angrepet, som var retta mot byen Khan Yunis.

Dei seier angrepet var retta mot eit medlem av Islamsk heilag krig, og at denne personen var involvert i planlegging av eit omfattande terrorangrep i Israel.

Før helga vart ein eldre palestinsk mann drepen då israelske styrkar leitte etter militante palestinarar i byen Hebron. Den israelske hærleiinga har beklaga drapet og har innrømt at offeret var ein uskuldig sivil.

Drapet utløyste hissige demonstrasjonar i dei palestinske områda, og ein Hamas-leiar truga med å «sleppe motstanskampen laus».

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt