Hopp til innhold

Valkamp blant dei utan stemmerett

Norsk-pakistanarar har ikkje lov til å stemme på sin statsministerfavoritt. Men det hindrar dei likevel ikkje frå å drive valkamp.

Pakistansk valkamp på Grønland

Amar Hussein, til høgre og Norez Butt i midten driv valkamp for Imran Khan, og oppmodar samstundes norsk-pakistanere til å ringe heim og seie at folk må støtte opp under demokratiet.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

– Hei. Eg kjem frå Pakistan Tehreek-e-Insaf. Du må hugse å ringe til familien din i Pakistan og få dei til å stemme. Det er viktig å bruke stemmeretten.

– Starten på noko nytt

Norez Butt kaster eit blikk over Grønland Torg på jakt etter pakistanarar. Sjølv om ingen norsk-pakistanere har stemmerett, så vil han snakke med dei. Han vil få flest muleg til å ta ein telefon heim til Pakistan. På den måten kan det vere at fleire nyttar seg av demokratiet og stemmeretten sin, enn det som er tilfellet i dag.

LES OGSÅ: Herfra trues demokratiet i Pakistan

LES OGSÅ: Fall stanser valgkampen i Pakistan

– Dette valet kan bli starten på noko nytt. Pakistan er no i ein veldig kritisk situasjon, og om me ikkje gjer noko no vil me om ti år stå der og tenkje «kor var eg då Pakistan gjekk i oppløysing?», seier Butt.

Han er leiar av ungdomsgruppa til den norske fløya av Det Pakistanske rettferdspartiet (PTI Norway). Saman med resten av PTI Norway har han nytta fritida si til å stå på Grønland torg. Målet er å få pakistanarar til å forstå kor viktig demokratiet er.

Pakistansk valkamp i Oslo

Norez Butt er leiar av ungdomsgruppa til PTI Norway. Han håpar Imran Khan og det pakistanske demokratiet går av med sigeren i dagens statsministerval i Pakistan.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

– Me som bur i eit demokratisk land, og kjenner til korleis Noreg er bygd, veit kor bra demokratiet er. Me ønskjer at Pakistan også skal bygge eit slikt demokrati. Me vil bygge Pakistan som ein velferdsstat, nett slik som Noreg, seier Tajab Chaudry som er grunnleggjar av PTI Norway.

Cricketstjerne i politikken

Men det er ikkje berre demokratiet dei kjemper for. Dei jobbar også for at Rettferdspartiet sin statsministarkandidat, cricketpensjonist og superstjerne Imran Khan, skal vinne dagens val i Pakistan.

– Visjonen hans er annleis enn dei andre partia. Han har jobba mot korrupsjon, som det er mykje av i Pakistan. Han kjemper også for eit rettvist rettssystem, seier informasjonsansvarleg i PTI Norway, Amar Hussein.

Ungdomsleiar Butt har stor tru på at Khan både vil vinne valet, og deretter skape store endringar for Pakistan.

– Eg er sikker på at Imran Khan vil vinne valet. Grunnen til det er at det er mange ungdommar som har starta å støtta han. Og i Pakistan er det mange ungdommar, og dei kan bli ein avgjerande faktor i valet.

– Kan bli uro ved jamt val

Bystyrerepresentant i Oslo og arbeidarpartipolitikar, Khalid Mahmood, har god kjennskap til det politiske landskapet i sitt tidlegare heimland. Han trur Imran Khan hentar stemmer frå andre stader enn det konkurrentane gjer.

LES OGSÅ:

– Khan er ein ny tilvekst, ein ny person, nye haldningar og nye tilhengjarar, som han til dømes har fått gjennom sosiale medium. Det at han representerer noko nytt og ei endring gjer han til ein aktuell kandidat for mange, seier Mahmood.

Khalid Mahmood

Khalid Mahmood (Ap) er norsk politikar og kjenner også godt til politikken i Pakistan. Han er glad for at pakistanarane har klart å motstå trugslane frå Taliban, og ikkje utsett valet.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Som dei fleste andre håper han på eit roleg val, og han trur at årets statsministerval kan bety ei endring for Pakistan.

– Pakistan har hittil vore gjennom ein av dei blodigaste valkampane i historia. Men trass i dette så har det vore ein vilje hos folket til å vise motstand mot Taliban, og det har vore viktig å ikkje utsette valet. Det har dei førebels klart, og på grunn av det kan ein seie at dette er ein ny start for demokratiet i Pakistan, seier den norske politikaren.

LES OGSÅ:

LES OGSÅ:

– Er det nokre utfall av valet som kan føre til meir uro enn andre utfall?

– Det som kan føre til mest uro er at me får tre jamstore parti. Om det vert slik så har Pakistan eit stort problem. Då kan det føre til ein ustabil situasjon som kan føre til at ein må bytte regjering, eller det kan hende at ein må ha nytt val før valperioden går ut om fem år, avsluttar Mahmood.

SISTE NYTT

Siste nytt