Hopp til innhold

Pakistansk landsbyråd beordra «hemnvaldtekt» av 16 år gammal jente

Pakistansk politi har arrestert 25 medlemmer av eit uformelt landsbyråd. Dei er skulda for å ha beordra valdtekt av ei 16 år gammal jente som hemn for at bror hennar skal ha valdteke ei anna jente.

Åstad for valdtekt i Pakistan

I dette rommet blei ei 16 år gammal jente valdteken med familiemedlemmer til stades, som hemn for at bror hennar hadde valdteke ei 13 år gammal kusine.

Foto: SS MIRZA / AFP

Det var tidlegare denne månaden eit råd samla seg i landsbyen Muzaffarabad utanfor Multan i Punjab etter at ein familie skulda ein 16 år gammal gut for å ha valdteke si 13 år kusine.

Rådet bestemte at søstera til den 16 år gamle guten, også ho 16 år gammal, skulle bli levert over til offerets bror for å bli valdteken som straff for ugjerninga.

– 29 menneske er involvert i denne grufulle handlinga, og vi har 25 av dei i varetekt, opplyste politioffiser i Multan, Ahsan Younus, til Reuters på telefon tysdag.

Mødrene gjekk til politiet

Dette skal så ha skjedd 17. juli, med landsbyrådet og foreldra til stades, ifølge den pakistanske avisa Dawn.

Saka blei kjend då begge mødrene gjekk til politiet og skulda den andre familiens son for valdtekt. Begge offera og mødrene deira har blitt sende til eit krisesenter for kvinner.

Åstad for voldtekt i Pakistan

Eit landsbymedlem viser åstaden for "hemnvaldtekta" i Muzaffarabad, utanfor Multan i Punjab.

Foto: SS MIRZA / AFP

Etter at politiet hadde avhøyrt begge sider, kom rådets «dom» for dagen.

– Alle dei eldre i dette landsbyrådet som beordra valdtekta, er arresterte, sa Younus.

Nokre meiner at orden kom frå ein såkalla jirga, eit tradisjonelt landsbyråd. Andre meiner at det var medlemmer frå dei to familiane som kom saman og avgjorde dette, skriv BBC.

Minner om valdtektssak frå 2002

Pakistan har ein fleire hundreår gammal tradisjon for at justis blir handsama av ei samling lokale eldre, kjend som jirgaer eller panchayater, noko som blir sett på som enklare enn å gå gjennom det formelle, ofte omstendelege og korrupte rettssystemet. I fleire delar av landet er dette gamle systemet tolerert, men ikkje anerkjend, av formelle domstolar av og politiet.

Pakistansk høgsterett har bede om innsyn i saka. Den minner om ei mykje omtala sak frå 2002, der ein anna tenåring blei gjengvaldteken etter ein liknande ordre frå eit landsbyråd.

28 år gamle Mukhtaran Mai blei gruppevaldteken fordi hennar 12 år gamle bror var skulda for å ha eit forhold til ei eldre kvinne. Mai gjekk til det sjeldne skritt å melde overgriparane til politiet.

Seks av dei blei dømde til døden, men fem blei sluppe fri seinare etter å ha anka. Mai har heldt fram med å vere ein profilert forkjempar for kvinners rettar i Pakistan.

Valdtektsoffer markerer kvinnedagen i Pakistan

Mukhtaran Mai (i midten) og to andre offer for gruppevaldtekt markerer kvinnedagen i Karachi i 2007. Sidan valdtekta i 2002 har Mai vore ein forkjempar for kvinners rettar, og å prøve å avskaffe det arkaiske systemet med landsbyråd og valdtekt som hemn.

Foto: ATHAR HUSSAIN / Reuters

Ho har reagert sterkt på nyheita om hemnvaldtekta i Multan, og seier følgande til Reuters på telefon:

– Om det hadde vore noko rettferd i panchayat skulle dei ha skote valdtektsmannen. Kvifor straffe ei uskuldig jente i staden?

SISTE NYTT

Siste nytt