Hopp til innhold

Pakistansk høgsterett: – Imran Khan ulovleg arrestert

Domstolen i Pakistan har gitt ordre om å lauslate eksstatsminister Khan, som blei pågripen under ein dramatisk paramilitær aksjon tysdag.

-

FRAKTA I BILKORTESJE: Den tidlegare statsministeren må halde til på politiet sitt hovudkvarter i hovudstaden inntil vidare, har Høgsteretten bestemt.

Foto: GHULAM RASOOL / AFP

– Pågripinga var ugyldig, så heile prosessen må bli rulla tilbake, sa høgsterettsdommar Umar Ata Bandial til Khan fredag, ifølge AFP.

Bandial bestemte ifølge byrået at Khan skal halde til på politiet sitt hovudkvarter, og dermed ikkje få flytte heim til huset sitt i utkanten av Islamabad.

Khan var sjølv til stades under rettsmøtet. Køyretøyet hans var del av ein kortesje på 15, ifølge pakistanske Geo TV.

Han tok seg deretter fram til bygget i ein rullestol. Khan skulda nyleg fleire namngitte militærtoppar for å planlegge eit attentat mot han i november, då han blei skoten i foten.

Forsvarsleiinga har avvist at dei hadde noko med angrepet å gjere.

-

Det var jubel i gatene i Peshawar etter at vedtaket til Høgsteretten blei kjent.

Foto: ABDUL MAJEED / AFP

Det var jubel i gatene i Peshawar etter at vedtaket til Høgsteretten blei kjent.

Foto: ABDUL MAJEED / AFP

70 år gamle Khan var statsminister i Pakistan frå 2018 til 2022, då han blei avsett etter eit mistillitsforslag.

Sidan den gong har den tidlegare cricketstjerna blitt sikta for korrupsjon og brot på terrorlova i Pakistan.

«Behandla som ein terrorist»

Khan blei pågripen av ei paramilitær styrke i eit rettsbygg i Islamabad tysdag. Han var der i samband med ei korrupsjonssak.

Khan skal sjølv ha fortalt retten at han blei «behandla som ein terrorist».

– Eg blei kidnappa frå rettsbygget i Islamabad, og slått med kjeppar, fortalde han ifølge lokale medium.

Onsdag blei han tiltalt av styresmaktene for å ulovleg selje statlege gåver medan han var statsminister, og varetektsfengsla i åtte dagar.

Denne erklæringa gjeld ikkje lenger.

-

Pakistansk militær held vakt fredag i «den raude sona» i Islamabad, som er området der blant anna regjeringsbygga og domstolen held til.

Foto: AAMIR QURESHI / AFP

Pakistansk militær held vakt fredag i «den raude sona» i Islamabad, som er området der blant anna regjeringsbygga og domstolen held til.

Foto: AAMIR QURESHI / AFP

– Høgsteretten har reversert alle rettsprosessar mot Imran Khan, fortel advokaten hans Babar Awan til Reuters torsdag.

Han legg til at Khan må møte opp på nytt i Høgsteretten fredag morgon. Det er ikkje umiddelbart tydeleg når kan kom til å få reise heim.

Khan har også fått pålegg om å samarbeide med påtalemakta, og må svare på skuldingar om fleire enn 100 lovbrot. Mange av desse er knytte til korrupsjon.

Dersom Khan blir dømt for noko av skuldingane, vil han miste retten til å bli vald inn i eit offentleg verv. Dered vil han ikkje kunne stille som kandidat til valet i november.

– Vi kjem til å arrestere han igjen, var det innanriksminister Rana Sanaulla hadde å seie om saka.

Førte til store protestar

Det har vore store demonstrasjonar fleire stader i Pakistan sidan Khan blei arrestert. Fleire provinsar har bede om hjelp frå hæren til å stogge demonstrantane.

Også torsdag patruljerte pakistanske tryggingsstyrkar fleire stader i landet og arresterte støttespelarar av Khan, melder AFP vidare.

-

Ein demonstrant skyt steinar mot politiet med sprettert i protest mot at Khan var i varetekt onsdag.

Foto: AAMIR QURESHI / AFP

Ein demonstrant skyt steinar mot politiet med sprettert i protest mot at Khan var i varetekt onsdag.

Foto: AAMIR QURESHI / AFP

Minst ni menneske har døydd sidan protestane starta tysdag, ifølge politiet og lokale sjukehus. Fleire hundre politifolk har blitt skada, og fleire enn 2000 menneske arresterte.

Khan sitt politiske parti, PTI, har oppfordra folk til å marsjere mot hovudstaden. Dei og Khan meiner arrestasjonen og tiltalane mot han er politisk motiverte.

– Eg hadde inga aning om kva som skjedde i landet mitt etter at eg blei arrestert, skal Khan likevel ha sagt i retten torsdag ifølge Ary News.

Minst åtte personar frå PTI sitt sentrale partistyre skal ha blitt arresterte, skulda for å stå bak demonstrasjonane.

-

Denne brannen skal ha blitt starta av demonstrantar i Peshawar.

Foto: ABDUL MAJEED / AFP

Denne brannen skal ha blitt starta av demonstrantar i Peshawar.

Foto: ABDUL MAJEED / AFP

FN manar til ro

Høgkommissæren for menneskerettar i FN, Volker Türk, ber tryggingsstyrkane i Pakistan om å vere tilbakehaldne i møte med demonstrantar i landet.

Uroa kjem midt i Pakistan si verste økonomiske krise på fleire tiår.

– Ytringsfridom, forsamlingsfridom og følging av lova er nøkkelen til å løyse politiske konfliktar.

– Det er ikkje rom for overdriven maktbruk, tvitrar Türk torsdag, og ber pakistanske styresmakter om å oppheve restriksjonane som er innført for bruk av internett.

-

Tryggingspersonell med gassmasker på veg mot ein demonstrasjon i Peshawar onsdag.

Foto: ABDUL MAJEED / AFP

Tryggingspersonell med gassmasker på veg mot ein demonstrasjon i Peshawar onsdag.

Foto: ABDUL MAJEED / AFP

Ifølge pakistansk TV skal høgsterettsdommaren i Pakistan ha bede Khan om å fordømme protestane.

Han skal ha svart med ein bøn til folket og partifellane sine om å ikkje gjere meir skade på landet, men halde protestane fredelege.

Torsdag ettermiddag var også gatene stort sett rolege i Pakistan, ifølge Reuters.

Les også: Tidligere statsminister i Pakistan er tiltalt

Pakistan
Pakistan

SISTE NYTT

Siste nytt