Hopp til innhold

Pakistans høgsterett tvang statsministeren til å gå av etter korrupsjonsanklager

Pakistans statsminister Nawaz Sharif er «diskvalifisert» ifølge landets høgsterett, og må gå av, etter ei stor korrupsjonsavsløring med utspring i Panama-avsløringane.

Nawiz Sharif

Om Nawaz Sharif må gå, er det ikkje første gong. Han blei avsett i eit militærkupp i 1999 og levde i eksil i fleire år før han gjorde eit comeback i pakistansk politikk.

Foto: Caren Firouz / Reuters

– Han er ikkje kvalifisert til å vere eit ærleg medlem av parlamentet, og har held ikkje lenger posten som statsminister, sa høgsterettsdommar Ejaz Afzal Khan i retten, då ein einstemmig rett bestemte at Sharif må gå, etter ei veke med høyringar.

Kort tid etter annonserte Sharif sjølv at han går av.

Det heile starta med dei mykje omtala Panama-avsløringane, tidenes største lekkasje som avslørte korleis ei rekke rike og mektige menneske har unngått skattar og avgifter ved å plassere pengar i skatteparadis.

Rapport: – Lite samsvar mellom inntekter og formue

I Panama-avsløringene kom det fram at tre av Sharifs barn eigde tre selskap utanlands som dei ikkje hadde oppgitt. Desse skal blant anna ha blitt brukt til å kjøpe fleire eigedommar i London. Avsløringa førte til mistanke om at selskapa blei brukt til å kvitvaske pengar familien hadde fått på ulovleg vis.

Imran Khan

Cricketstjerna Imran Khan har kjempa ein politisk kamp mot Sharif sidan han tapte valet i 2013.

Foto: BANARAS KHAN / AFP

Etter press frå tidlegare ein cricketspelar, no politisk hovudmotstandar, Imran Khan, tok Pakistans høgsterett opp saka.

I april stemte høgsterett over om dei skulle diskvalifisere statsministeren. Fleirtalet stemte mot, men dei vedtok at ein skulle etterforske saka vidare. Etter tre månader har ei gruppe etterforskarar konkludert med ein rapport – der dei har funne betydelege gap mellom dei oppgitte inntektene og formuen til Sharif-familien.

Saka splittar det pakistanske folk. På Twitter finn ein både emneknaggane «Nawaz Sharif er historie» og «Nasjonen står ved statsministerens side». «Vis kvitteringane», er omkvedet frå Khan-tilhengarane og medlemmene av partiet hans, PTI.

Sharif-familien hevdar pengane som er brukt til å kjøpe London-eigedommane kjem frå eit stålverk dei driv i Qatar, men etterforskinga har så langt ikkje klart å spore pengane tilbake dit.

Protestar mot Sharif

Protestar mot Sharif-familien i Lahore 23.juli.

Foto: MOHSIN RAZA / Reuters

«Fontgate»

Rapporten kan bli spesielt øydeleggande for dottera Maryam, som blir sett på som statsministerens politiske arving

Maryam Nawaz Sharif

Maryam Nawiz Sharif var rekna som statsministerens politiske arvtakar. No er ho saman med far sin innblanda i ei stor korrupsjonssak.

Foto: Reuters Photographer / Reuters

Ho skal ha prøvd å reinvaske namnet sitt ved å legge fram eit dokument som seier at ho ikkje eig dei omtala London-eigedomane, og at ho berre var ein forvaltar. Dokumentet er datert 2006 og er skrive med skrifttypen Calibri.

Problemet er berre at Calibri-fonten ikkje blei lansert før i 2007, noko som gjer at etterforskinga har konkludert med at dokumentet må vere falskt. I sosiale medium blir saka no omtala som «Fontgate».

Tilhengarar av Sharif-familien skal ha argumentert for a fonten faktisk var tilgjengeleg i ein tidleg versjon av Windows Vista i 2004. Etter hyppige redigeringar var Calibris Wikipedia-side låst for redigering i fleire dagar.

– Kvifor ville nokon ha brukt ein heilt ukjent font i eit offisielt dokument? var kommentaren til han som står bak skrifttypen, Lucas de Groot, til den pakistanske avisa Dawn.

Atta Ansari i studio etter at høyesterett dømte at Nawaz Sharif må gå av som statsminister i Pakistan

SISTE NYTT

Siste nytt