NRK Meny
Normal

Pakistan stadfestar Taliban-arrest

Den pakistanske hæren stadfestar i dag at den militære leiaren for Taliban i Afghanistan, mulla Abdul Ghani Baradar, er arrestert.

Arrestasjonen av mulla Abdul Ghani Baradar har vore heitt stoff i pakistanske aviser.

Arrestasjonen av mulla Abdul Ghani Baradar har vore heitt stoff i pakistanske aviser dei siste dagane.

Foto: Rizwan Tabassum / Scanpix/AFP

Mulla Omar

Den einøygde mulla Omar er rekna som den øvste leiaren i Taliban.

Foto: Anonymous / AP

Fleire kjelder har sagt at Baradar skal ha blitt pågripen i den pakistanske byen Karachi i ein samordna aksjon mellom pakistansk etterretning og amerikanske CIA. Dette blir avvist av den pakistanske hæren.

Taliban har hittil avvist at den militære leiaren deira er arrestert.

Mulla Abdul Ghani Baradar blir rekna som nummer to i Taliban, etter grunnleggjaren mulla Omar.

Han skal vere den viktigaste militære sjefen i Taliban, og leiar for det øvste rådet i organisasjonen, ofte omtalt som Quetta Shura.

LES OGSÅ: Hvem er hvem i Taliban-nettverket

LES OGSÅ: Talibans mektige kronprins

LES OGSÅ: – Taliban-leder tatt til fange i Pakistan

Det pakistanske forsvaret vil ikkje seie noko om når eller kvar arrestasjonen fann stad, men seier at han vart arrestert saman med fleire andre personar.

Tidlegare har både pakistanske og amerikanske kjelder sagt at Baradar var teken til fange i storbyen Karachi i Pakistan.


Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt