Hopp til innhold

Pågripen for å ha planlagt massakre

Spansk politi har arrestert ein mann på Mallorca. Han er mistenkt for å planlegge ein skulemassakre. Politiet trur han ville etterlikne Columbine-massakren i USA frå 1999.

University of the Balearic Islands (UIB) in Palma de Mallorca

VILLE SPRENGE UNIVERSITET: Politiet seier den arresterte mannen hadde konkrete planar om å angripe University of the Balearic Islands (UIB) in Palma de Mallorca.

Foto: JAIME REINA / Afp

Den 21 år gamle mannen vart arrestert på Mallorca onsdag medan han fekk overlevert 140 kilo med sprengstoff som han hadde tinga.

Eksplosiver konfiskert av spansk politi

KJØPTE INGREDIENSAR TIL SPRENGSTOFF: Her er ingrediensane som politiet konfiskerte då dei arresterte mannen.

Foto: HO / Afp

Politiet skriv i ei pressemelding at han planla å sprenge ei bombe på universitetet på øya. Dei har gått gjennom dagbøkene til mannen, i tillegg til profilar på sosiale medium. Her, seier politiet, har dei funne bevis for at mannen planla å gå til åtak på universitetet.

I pressemeldinga vert det òg hevda at mannen beundra gjerningsmennene bak Columbine-massakre i USA. Dette skal ha kome fram i mannens personlege dagbok og skriverier på nett. Politiet trur dermed han hadde tenkt å imitere Columbine-massakren.

På mannens blogg skal han òg ha utvist eit ope hat mot samfunnet rundt seg, og særleg mot studentar. Politiet hevdar dei har kjent til mannen i over fem månader, og starta overvakinga av han etter at dei fyrste Columbine-referansane vart kjende.

Politiet seier òg at han gjekk til innkjøp av ingrediensar til å lage ei bombe etter at han fleire gonger hadde prøvd å kjøpe handvåpen, utan å få løyve til dette. Rett etter ingrediensane vart levert til mannen, vart han altså arrestert.

(The Associated Press, NTB)

SISTE NYTT

Siste nytt