Hopp til innhold

Pablo Escobars viktigaste leigemordar er død

Jhon Jairo Velasquez, med kallenamnet «Popeye», som har tilstått drap på mellom 250 og 300 menneske, er død av kreft i Colombia.

Jhon Jairo Velasquez er død.

Leigemordaren Jhon Jairo Velasquez har sagt at han personleg tok livet av mellom 250 og 300 menneske.

Foto: Joaquin Sarmiento / AFP

Velasquez (57) var kjent som den viktigaste leigemordaren til den illgjetne narkotikabaronen Pablo Escobar, som på eit tidspunkt var ein av dei rikaste i verda. Alt takka vere ein ufatteleg brutalitet og rikeleg tilgang på kokain, som vart smugla til USA.

Escobar var leiar for det såkalla Medellin-kartellet, som hadde basen sin i den colombianske storbyen Medellin. Han vart skoten og drepen av colombiansk politi i 1993 under eit forsøk på å unngå å bli utlevert til USA.

23 år i fengsel

Pablo Escobar i 1991.

Pablo Escobar leidde Medellin-kartellet, som smugla fleire tusen tonn kokain til USA.

Foto: AP

Drapsmaskinen Velasquez vart arrestert i Colombia året før. Han sona 23 år i fengsel før han vart sett fri i 2016. Han har fortalt at han personleg har gjennomført mellom 250 og 300 direkte drap, og at han har gitt ordre om ytterlegare 3000 drap på 1980- og 1990-talet.

Colombianske styresmakter tvilar på at talet er så høgt, ifølgje AFP.

Som fri mann starta han opp You Tube-kanalen «Repentant» (den angrande), som raskt fekk over ein million abonnentar.

– I dag ser eg på det som barbari. Men når du er midt i ein krig, så verkar det som ein rett ting å gjere, sa han i eit intervju med det colombianske nyheitsmagasinet Semana. Han vart arrestert igjen i 2018 for mistanke om utpressing. Sidan har han vore i styresmaktene si varetekt.

Starta som 18-åring

Han starta på den blodige yrkesvegen sin i Medellin-kartellet alt som 18-åring, og han vart raskt ein av dei Pablo Escobar kunne stole på. Dei brukte bilbomber, bortføringar og avrettingar i kampen mot motstandarar. Det kunne vere konkurrerande kartell, politikarar, journalistar og dommarar.

Jhon Jairo Velasquez døydde av kreft på eit sjukehus i Bogota torsdag.

SISTE NYTT

Siste nytt