Ein israelsk patrulje gjekk til aksjon i morgontimane i dag for å arrestere den palestinske mannen. Mannen opna eld mot soldatane. Dei andre som budde i huset kom ut, og dei fortalde at ein væpna og maskert mann hadde forskansa seg inne i bygningen.
Deretter brukte dei israelske soldatane ein bulldosar til å øydeleggje huset. Det er uklart om mannen budde i huset, skriv den israelske avisa Ha'aretz.
Den palestinske mannen er ikkje identifisert.