Hopp til innhold

– Det var som ein konsentrasjonsleir

8000 bosniske flyktningar vart drepne i Srebrenica i Bosnia-Hercegovina i 1995. Emir Suljagic overlevde.

Emir Suljagic
Foto: Bjørn Edvardsen / NRK

Ratko Mladic

Ratko Mladic hadde kommandoen over soldatane som tok livet av 8.000 menneske på ei veke.

Foto: Srdjan Ilic / Scanpix/AP
Videoopptak fra Srebrenica-massakren

Fleire stadar omkring Srebrenica vart våpenlause menn drepne under kommando av general Radko Mladic.

Foto: AP
Utgravning av massegrav nær Srebrenica

Det er funne mange massegraver etter at krigen var over.

Foto: AMEL EMRIC / AP

11. juni 1995 inntok serbiske styrkar den bosniske byen Srebrenica under general Ratko Mladic. Dei neste få dagane vart 8000 våpenlause gutar og menn drepne.

Emir Suljagic overlevde massakren og fortel no historia si i boka «Srebrenica - notatar frå eit helvete».

– Srebrenica var som ein open konsentrasjonsleir. Det var noko anna enn slik vi har sett frå andre verdskrig, men vi som budde i byen visste at vi var passa på, og frykta heile tida at nokon skulle kome og ta oss, seier Suljgic til NRK.

Les også: Karadzic på tiltalebenken for Srebrenica | – Krigen på Balkan var hellig og rettferdig

Trudde det var trygt

Suljagic var 17 år i 1992 då han og familien flykta får landsbyen dei budde. Dei visste ikkje kvar dei skulle, men fekk høyre om Srebrenica på vegen.

I 1992 var Srebrenica ein liten landsby i ein avsidesliggande dal i Bosnia. Byen var ein av seks FN-erklerte sikre soner. Menneska som var der, var avmilitariserte.

– Ei gruppe væpna menn kom til landsbyen vår. Faren min tok oss med ut i skogen. Vi visste ikkje kvar vi skulle, eller at vi skulle til Srebrenica, eller at vi var på veg til ein sikker død, seier Suljagic.

Frykta sveltedøden

Mesteparten av familien, venner, slektningar og naboar av Suljagic var drepne tidlegare. Men Emri og foreldra hadde kome seg unna. Inne i Srebrenica fann dei ut at det ikkje fanst mat.

– Det eg frykta mest av alt, var at eg skulle svelte ihjel. Det var ein konstant kamp om mat, fordi det fanst ikkje i Srebrnica. I tillegg frykta eg at forsvarsmuren skulle bryte ned, og at soldatar skulle trenge seg inn og ta livet av alle.

Det skjedde ikkje i 1992 eller i 1993. Suljagic og dei andre i Srebrenica måtte venta på det i tre heile år.

Les også: Nektar å kalle massakre folkemord

– Mladic trudde han var Gud

– Det vi refererer til som massakren i Srebrenica var eigentleg ei serie masseavrettingar som skjedde mellom 11. juli og 16. juli i områda rundt byen. Veldig få drap skjedde i sjølve Srebrenica.

Sujlagic meiner det at Ratko Mladic kjende seg som ein Gud, redda livet hans.

– Han var den som kunne bestemme over liv og død den veka. Eg var uheldig nok til å møte han og snakke med han. Av ein eller annan grunn let han meg gå. Eg forsod aldri kvifor.

Tunge minner

Seinare har Suljagic slite med minna frå dette møtet - og konsekvensane det førte med seg.

– Eg var så nerme han at eg kunne lukte pusten hans. Han valde å ikkje drepe meg, men tok livet av nesten alle eg kjende. Det er veldig tungt å leve med.

Emir Suljagic har etter krigen studert samfunnsvitskap og er i dag forskar ved Universitetet i Hamburg. Mellom 2002 og 2004 har han rapportert frå det internasjonale krigsforbrytertribunalet for det tidlegare Jugoslavia

SISTE NYTT

Siste nytt