NRK Meny
Normal

Overlevde jordskredet i Kina: – Vi høyrde eit smell, så blei det mørkt

Berre tre personar er funne i live etter jordskredet i Kina tidleg laurdag morgon. Over hundre personar er sakna etter raset.

China Landslide

OVERLEVDE: Qiao Dashuai overlevde raset saman med kona si og deira éin månad gamle son. Deira tre år gamle dotter og andre familiemedlemmar er ikkje funnen.

Foto: Skjermdump/CCTV / AP

Tidleg laurdag morgon vart landsbyen Xinmo i Kina råka då 8 millionar kubikkmeter med jord, vatn og stein rasa nedover fjellsidene. Ifølgje avisa China Daily vart 62 heimar slukt av raset.

Fleire enn 2500 personar har jobba med redningsarbeidet etter jordraset. Så langt er 15 personar funne omkomne. Berre tre personar er funne i live, eit foreldrepar og deira éin månad gamle son, skriv nyhendebyrået AP.

Redningsarbeid i Kina etter jordraset

LEITER: Redningsmannskapar leitar etter overlevande i rasområdet.

Foto: CHINA STRINGER NETWORK / Reuters

Rakk ikkje flykte

Qiao Dashuai fortalde til den kinesiske TV-kanalen CCTV at han og kona vakna rundt klokka 05.30 laurdag morgon av at babyen deira grein.

– Like etter at vi hadde bytta bleie på babyen høyrde vi eit høgt smell, så vart det mørkt. Vi merka at noko forferdeleg var i ferd med å skje, og sprang mot ytterdøra. Men då vi kom dit var den alt blokkert av steinar og gjørme, seier Qiao.

Han vart intervjua av CCTV frå sjukehuset, der han er innlagt med lettare skadar.

Ifølgje AP fortalde småbarnsfaren at familien vart fea vekk av vatn då ein del av fjellet bak landsbyen kollapsa. Qiao fortel at dei kjempa mot massane heilt til dei vart funne av redningsmannskapar. Alle tre vart frakta til sjukehus.

Ifølgje China Daily er foreldra til Qiao, hans tre år gamle dotter og andre slektningar ikkje funne.

Truleg forårsaka av regn

Raset som råka landsbyen er 1.5 kilometer breitt, melder AP. Ifølgje ekspertar som har uttala seg i statlege kinesiske medium, vart jordraset truleg forårsaka av regn.

Pårørande frå omkringliggande landsbyar har venta ved rasområdet for å høyre nytt om sine kjære. Ei kvinne AP snakka med at ho ikkje hadde fått noko informasjon om familien sin i Xinmo.

Rasområdet i Kina

STORT RASOMRÅDE: Ifølgje AP dekker rasområdet 1.6 kilometer.

Foto: WANG ZHAO / AFP
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt