Hopp til innhold

Overlevde fjelltragedie i Nepal

Tre israelarar overlevde i Nepal alle fjellfararar sitt mareritt – snøskred og snøstorm utan førevarsel. – Eg var sikker på at eg kom til å døy, seier Linor Kajan

Tre israelske fjellturistar gjekk tur i Himalaya og overlevde det massive snøskredet og snøstormane som har herja i området sidan onsdag.

Tre israelske fjellturistar gjekk tur i Himalaya og overlevde det massive snøskredet og snøstormane som har herja i området sidan onsdag.

Fleire hundre fjellvandrarar blei onsdag overrumpla av kraftige snøstormar og snøras i området rundt Annapurna i Himalaya.

32 er til no stadfesta døde, blant dei 17 turistar.

Blant dei som kom frå det med mindre skadar er israelarane Yakov Megreli, Maya Ora og Linor Kajan.

– Eg var sikker på at eg kom til å døy på vegen mot fjellpasset, seier Kajan.

Fastlåst i snøen – redda av nepalar

Israelske Linor Kajan overlevde snøskredet i Nepal-fjella

Israelske Linor Kajan overlevde snøskredet i Himalaya, men er sterkt prega av erfaringa.

Foto: NAVESH CHITRAKAR / Reuters

Annapurna er den 10. høgaste fjelltoppen i verda og har blitt eit svært ynda reisemål for fjellturistar frå heile kloden. Oktober er høgsesong for fjellvandring i området og vêret er vanlegvis stabilt og klart i denne perioden.

Det dramatiske vêromslaget kom difor som lyn frå klår himmel på mange av fjellfararane.

– Eg mista kontakten med gruppa mi, alle dei folka eg hadde gått saman med blei borte og eg kunne ikkje sjå noko som helst. I tillegg sat, eg fast med snø opp til livet, seier Linor Kajan medan ho viser med hendene korleis snøen heldt henne fanga.

Dei tre israelarane er no berga og frakta i tryggleik til hovudstaden Katmandu, 160 kilometer nordvest for ulukkesområdet.

– Det var forferdeleg, svært skremmande, minnast Yakov Megreli.

Kajan fortel at ho hadde englevakt og blei funnen i snøen av ein nepalar som var kjent i området.

– Han drog meg, bokstaveleg talt drog meg med til eit tehus. Der var alle redde. Alle visste at situasjonen var usikker og at me kanskje kom til å døy. Det er farleg å gå og det er farleg å bli verande og du kan ikkje fortelja folk om kva som har skjedd.

Redningspersonell hjelper en overlevende etter snøstorm i Nepal

Redningsarbeidarar frå hæren i Nepal hjelper ein av dei overlevande ned frå fjellet etter snøstormen.

Foto: NEPAL ARMY / Afp

82 er framleis sakna

Fjelltragedien blir omtalt som ein av dei verste verda har sett, og den mest katastrofale i Nepal sidan 1995.

– Talet på omkomne er ekstremt tragisk i ei tid der me har vêrmeldingar for heile verda som blir oppdaterte kvart sekund, seier statsministeren i Nepal Sushil Koirala.

Totalt 168 utanlandske turistar hadde registrert seg for å gå i fjellet då tragedien skjedde. Desse hadde også følgje av eit ukjent tal nepalske sherpaar.

Det var i tillegg mange lokale nepalarar på fjellstiane på grunn festivalar i området.

Om lag 200 er berga ut og 82 er framleis sakna i snømassane, opplyser politiet i Katmandu fredag.

– Det snør framleis og tilgangen vår er avgrensa, seier politibetjent Surya Bahadur til Reuters.

Regjeringa vil betra varsling av uvêr

Redningsfolk fraktar eit snøskredoffer ned frå fjella i Nepal

Redningsarbeidarar fraktar ned eit av offera for snøskredet frå Thorong La pass i Nepal. Framleis er 82 sakna.

Foto: Ap

Styresmaktene i Nepal har no oppretta ein overordna komite som skal koordinera redningsinnstatsen etter kritikk for at dei ikkje har gjort nok for å hjelpa dei som er råka av uvêret.

Helikopter er sette inn i søket etter dei sakna og omkomne. Samstundes kjempar eit leitemannskap på om lag 60 soldatar og politifolk mot klokka med spadar og isøkser i dei lunefulle fjella. 48 er redda i løpet av fredagen, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

No varslar statsminister Koirala at den nepalske regjeringa vil ta grep for å sørgja for betre vêrinformasjon og varslingstenester i turistområde, særleg i Himalaya og langs elvene.

Snøstormen skal vakse fram i kjølvatnet av ein syklon som råka India tidlegare denne veka

Snøskredet onsdag er det andre i løpet av 2014 som har teke med seg fleire menneske i døden. I april omkom 16 guidar i den dødelegaste ulukka som har råka Mount Everest. Ifølgje klimaekspertar er hyppigare snøras i Himalaya eit resultat av global oppvarming.

SISTE NYTT

Siste nytt