Overlege i Bayern slår full koronaalarm

Ein overlege ved sjukehuset i Freising fortel til NRK han håpar styresmaktene i Bayern går inn for ei ny nedstenging av samfunnet. Og no kan heile Tyskland kome til å bli nedstengd.

Markus Neumaier

Overlege Markus Neumaier ber delstaten stenge ned for å minke presset på sjukehuset.

Foto: Maik Reichert / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Flyvåpenet blir sett inn for å frakte pasientar frå Bayern til andre delar av Tyskland, for smitten går rett til vêrs.

Torsdag var det registrert 76.000 nye smittetilfelle i landet. Samtidig passerte landet 100.000 koronadødsfall.

Ved sjukehuset i Freisingen, ein småby med 50.000 innbyggarar, måtte dei sende ein intensivpasient til Merano i Italia.

Sjukehuset har innstilt dei fleste planlagde operasjonar. Berre ved akuttmottaket er det normal aktivitet. Elles handlar det meste om å behandle covid-pasientar, anten med oksygenmaske eller respirator.

Overlege Markus Neumaier fortel det aldri før under pandemien har vore så ille som no:

Det kritiske er at er at alle sjukehus er fulle. Det er ulikt frå dei første smittebølgjene. Under den andre bølgja kunne vi alltid flytte pasientar og hjelpe kvarandre. No er alt fullt, seier Neumaier.

Det tyske luftforsvaret transporterer covid-19 mellom tyske sykehus.

Det tyske luftforsvaret er sat inn for å frakte sjuke koronapasientar frå sjukehus sør i Tyskland til sjukehus i nord som har betre kapasitet. Her får Memmingen i Bayern.

Foto: Peter Kneffel / AP

Mangel på sjukepleiarar

Sjukehusa i Bayern må no sende frå seg minst 50 pasientar til sjukehus nord i landet som framleis har ledig kapasitet.

Årsaka er at det er mangel på kvalifiserte sjukepleiarar som kan arbeide med koronapasientar. Mange har slutta. Det bleir for krevjande å arbeide i fullt smittevernutstyr med dødssjuke pasientar.

Sjukehuset arbeider no febrilsk med å auke kapasiteten, men aller helst håpar Neumaier at delstatar går for ein ny nedstenging av samfunnet.

– For oss og sjukehuset ville det beste vere nedstenging, men det er vanskeleg å formidle dette til folk.

– Angela Merkel ville ha ei nedstenging, men delstatsleiarane streta i mot. Det er ein politisk diskusjon, fortel Neumaier.

Nye tiltak, som tok til å verke i dag, inneber ikkje nedstengingar eller livet til folk.

Flytting av koronapasienter fra Memmingen i Bayern.

Det er ei omfattande oppgåve å flytte pasientar mellom byer.

Foto: LUKAS BARTH / Reuters

Vaksinekrav kjem?

Helseministeren i Bayern meiner og at situasjonen er alvorleg.

– Det er openbert for oss alle at situasjonen er veldig, veldig alvorleg, sa Bayerns helseminister Klaus Holetschek til det tyske nyheitsbyrået DPA i går.

Då hadde det vore møte mellom helseministerane frå alle dei 16 tyske delstatane. Minst to statar, Sachsen og Mecklenburg-Vorpommern, vurderer ei nedstenging før jul.

I Bayern har enkelte teke til orde for vaksinekrav. Det same gjer ei legeforeining.

DIVI, Den tyske foreininga for intensiv- og akuttmedisin, meiner koronavaksinasjon må bli obligatorisk for alle vaksne.

68 prosent av den tyske befolkninga er fullvaksinert. Det er langt lågare enn målet til regjeringa om 75 prosent.

Den relativt låge vaksineoppslutninga har vorte trekt fram som ei av årsakene til denne fjerde smittebølgja i Tyskland.

Freising sjukehus.

NRK besøker sjukehuset i Freising.

Foto: Maik Reichert / NRK

Aldri vore så ille som no

Helseministeren Jens Spahn sa på ei pressekonferanse fredag at det må bli ei stor og frivillig reduksjon i kontakta mellom folk. Lukkast ikkje det, kan neste skritt bli ei full nedstenging av samfunnet.

– Jo hardare vi drar i bremsen no, jo betre blir det, sa Spahn.

Tyskland vil få ei ny regjering om få veker. Leiaren for Miljøpartiet Dei Grøne, Annalena Baerbock, seier til Der Spiegel at dei ikkje utelukkar verken vaksineplikt eller nedstenging.

Følg utviklinga i NRKs Nyheitssenter:

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 23.01.2022
99 379
Smittede siste 7 dager
227
Innlagte
1 414
Døde
4 306 412
Vaksinerte

SISTE NYTT

Siste nytt