Tiltalte Mijailo Mijailovic teikna under retssaka. (Ill.: Reuters / Scanpix)
Mijailovic motsette seg at forklaringa hans i retten skulle direktesendast i fjernsyn og radio.
– Eg er ikkje van til å snakke for så mange menneske. Det blir lettare om det ikkje blir overført direkte, sa han.
Etterkom ønskjet
Etter ein to timar lang lunsjpause avgjorde dommaren at ønskjet frå Mijailovic skulle etterkomast.
Klokka 13.30 i dag starta så Mijailovic si forklaring utan at lyden frå rettssalen kunne overførast i radio og fjernsyn. Det er heller ikkje tillete å gjere lydopptak av forklaringa, utover opptaka som retten sjølv gjer.
Tok kniv
Før lydoverføringa blei kutta byrja Mijailovic forklaringa med å fortelje at han tok ein kniv med seg heimefrå for å verne seg.
- Eg hadde forfølgingsvanvit, sa han, og fortalde også at han ikkje fekk møte legen, og hadde sove svært dårleg dagane før 10. september då drapet på den svenske utanriksministeren skjedde.