Hopp til innhold

Over 120 skadde i kraftig jordskjelv i Japan

Minst 120 personar blei skadde då eit jordskjelv med styrke 7,3 skaka den nordaustlege kysten i Japan. Atomkraftverket i Fukushima ser ikkje ut til å ha fått skader.

Over 100 personer er skadd etter et jordskjelv i den nordøstlige delen av Japan. En mann filmet skjelvet mens han badet.

DRAMA: Over 100 menneske er skadde etter eit jordskjelv i den nordaustlege delen av Japan. Ein mann i Koriyama filma skjelvet i badekaret.

Dei skadde er innbyggjarar i områda Fukushima, Miyagi, Ibaraki, Tochigi, Saitama, Chiba og Kanagawa, ifølgje nyheitsbyrået Kyodo. Skjelvet var og merkbart i regionen Kanto, som Tokyo er del av, melder den japanske kringkastaren NHK.

Ifølgje styresmaktene er to menneske i Fukushima og ein person i Saitama alvorleg skadde.

Jordskjelv i Japan

Jordskjelvet har gjort skadd i Koorimachi i Fukushima. Det er meldt om over 100 skadde, men ingen dødsfall.

Foto: KYODO / Reuters / NTB

950.000 husstandar skal ha mista straumen, men mykje er reparert søndag morgon, opplyser Japan Times.

Det amerikanske jordskjelvsenteret USGS målte skjelvet til 7,1. Episenteret er på 58 kilometers djupne og ligg 72 kilometer frå småbyen Nami. Japanske styresmakter har seinare oppgradert skjelvet til 7,3.

En del av en motorvei ved Soma ble ødelagt i jordskjelvet i Japan

Ein del av ein motorveg er blokkert av et jordras utløyst av jordskjelvet som blant anna råka Fukushima i Japan. Ingen bilar blei fanga i jordmassane.

Foto: Hironori Asakawa / AP / NTB

Undersøker Fukushima-verket

Det var ikkje fare for tsunami etter skjelvet, og det kom heller inga meldingar om jordskjelv-skader på kjernekraftverket i Fukushima. Selskapet som driv kjernekraftverket Fukushima Daiichi, sa i ei Twitter-melding laurdag at dei undersøker forholda ved verket.

Kort tid seinare melde nyheitsbyrået Kyodo at det verken var meld om skader her eller ved andre atomkraftverk som no er stengde i regionen.

En vinforhandler rydder opp etter jordskjelvet i Fukushima i Japan lørdag.

Ein vinforhandlar ryddar opp etter jordskjelvet i Fukushima i Japan laurdag.

Foto: Jun Hirata / AP / NTB

Jordskjelv kom like etter klokka 23 lokal tid og skaka bygningar i hovudstaden Tokyo. Skjelvet ramma og mellom andre provinsen Myagi. Rundt 950.000 husstandar har mist straumen i den jordskjelvramma regionen, opplyser styresmaktene.

Det var fleire etterskjelv, deriblant eitt som er målt til 4,7.

I mars 2011 blei Fukushima og andre deler av det nordaustlege Japan ramma av eit jordskjelv med styrke 9. Tsunamien som følgde etter kravde over 18.000 menneskeliv og førte til nedsmelting av tre reaktorkjernar i atomkraftverket Fukushima Daiichi.

SISTE NYTT

Siste nytt