Hopp til innhold

Vi flyr 23.500 tonn fersk laks til Kina i året. Utsleppa er over dobbelt så høge som ved skipsfrakt

Kvar kilo laks Noreg flyg til Kina medfører 20 nye kilo CO₂ i atmosfæren. Utsleppa kunne vore halvert om ein fraus ned laksen og frakta han med skip, viser ein ny rapport frå Sintef.

Kongeparet på offisielt statsbesøk i Kina.

FRYST: Ein kinesisk forretningsmann studerer ein laks som er frose inn i ei isblokk under ein sjømatmiddag «An Ocean of Opportunities» arrangert av norsk næringsliv under kongebesøket i Shanghai i 2018.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Dei bør nok finne nye måtar å sende fisken på, å sende han frosen på skip er betre klimamessig enn å sende han fersk på fly, seier Ulf Winther, spesialrådgjevar i Sintef.

23.500 tonn fersk norsk laks vart floge til Kina i fjor. Til no i år har eksporten fått seg ei real ripe i lakken som følgje av det nye koronaviruset.

Etterspurnaden etter norsk laks skal likevel vere nesten uendra.

Innteninga på eksporten av norsk laks til Kina samsvarte 1,6 milliardar kroner, og fersk laks stod for mesteparten av inntektene.

No viser ein ny rapport frå Sintef, om klimaavtrykket til norsk sjømat, at denne frakta medfører rundt 20 kilo CO₂ i utslepp med fly til Shanghai per kilo fersk laks.

Det er dobbelt så mykje CO₂ i utslepp, som om den same kiloen laks vart frosen ned og frakta med båt til same by.

Meiner flyfrakta bryt med klimapolitikken

– Vi eksporterer stadig meir fersk laks med fly. Det fører med seg skyhøge klimagassutslepp, seier leiar i Framtiden i våre hender, Anja Bakken Riise.

Ho meiner praksisen ikkje er i samsvar med klimamåla vi har forplikta oss til.

– Når vi sender den norske kongefamilien, frihandelsforkjemparar og diplomatar til mellom anna Kina for å promotere norsk laks, så må vi samtidig ha ein plan for korleis den eksporten skal skje på ein måte som ikkje «kokar kloden», seier Riise.

Anja Bakken Riise, Framtiden i våre hender.

KRITISERER LAKSEINDUSTRIEN: Anja Bakken Riise, leiar Framtiden i våre hender.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Skuldar på kresne forbrukarane

– Den store utfordringa er at du og eg som forbrukarar føler at om det ikkje er ferskt så er det ikkje godt nok, seier Øyvind André Haram.

Han er kommunikasjonssjef i Sjømat Noreg, som er interesseorganisasjonen til sjømatbedriftene.

Han innrømmer at bransjen i større grad bør promotere berekraftig sjømat til folk i eksportmarknadane.

– Dette er noko vi må jobbe enda meir med opp mot kokkar og restaurantmiljø slik at dei innser at det er mogleg å bytte til frosen laks, seier Haram.

– Kva grep har laksenæringa gjort for å kutte utsleppa frå den oversjøiske eksporten av fersk laks med fly?

– For det første er vi svært entusiastiske til å ta i bruk meir bane og sjøtransport. Det er dei viktigaste to tinga for å bruke mindre fly, svarar Haram.

Han fortel vidare at dei stadig legg press på norske styresmakter og hamner for å legge til rette for dette.

Les meir:

Fwrb2GjaiaA

LITT NORSK LAKS?: Promotering av norsk laks er blitt ein obligatorisk seanse når norske politiske leiarar er på offisielle besøk i utlandet. Her serverer Statsminister Erna Solberg laks under eit besøk i Vietnam i 2015.

Foto: Heiko Junge / NTB SCANPIX

Må tilpasse seg meir miljøbevisste forbrukarar

Kommunikasjonssjefen i Sjømat Noreg understrekar at næringa lenge har jobba med å redusere utsleppa sine.

– Verda krev at produkta skal vere berekraftige, og då kan vi ikkje vere bakstreverske og tenke berre økonomi, då må vil følge kravet om berekraft, seier Haram.

Øyvind André Haram, kommunikasjonssjef i Sjømat Noreg.

ØNSKJER Å KUTTE I FLYBRUK: Øyvind André Haram, kommunikasjonssjef i Sjømat Noreg.

Foto: SJØMAT NORGE

Promoterer ikkje berekraftige produkt i større grad

– Vi promoterer norsk sjømat formatnøytralt, seier Victoria Braathen, som er Norges sjømatråd si fiskeriutsending i Kina.

Det vil seie at dei ikkje tek omsyn til klimaavtrykket når dei promoterer norsk sjømat i utlandet.

  • Norges sjømatråd er eit statsaksjeselskap eigd av Nærings- og fiskeridepartementet.
  • Sjømatnæringa finansierer sjølve selskapet gjennom ei obligatorisk avgift på all eksport av norsk sjømat.
  • Dei viktigaste sjømatbransjane er representerte med eigne rådgjevarar i selskapet for å sikre at ressursane vert brukte i samråd med næringa.

– Vi skal ha stor tiltru til å sjå positivt på løysningar som det vert jobba med for å gjere eksport av norsk sjømat enda meir effektiv og miljømessig, seier Braathen før ho utdjupar:

– Samstundes vert produktet etterspurt ferskt, så her må nok ting samvirke både når det kjem til å utvikle marknaden og å gjere det på ein miljøvenleg måte.

Ho viser til at dei kinesiske kundane er meir opptekne av kvaliteten på fisken enn at han er berekraftig.

– Diskusjonen vi har i Nord-Europa knytte til fly har ikkje same valøren i Kina per i dag, seier Braathen.

Oppfordrar lakseindustrien til å bruke meir miljøvenleg teknologi

Både Sintef og Framtiden i våre hender oppfordrar bransjen til å satse på meir miljøvenleg teknologi for kjøling og frakt som gjer det mogleg å tilby kinesarar tilnærma fersk fisk samstundes som ein kuttar i klimagassutsleppa.

Sjømatnæringa følgjer nøye med på denne teknologiske utviklinga, svarar Sjømat Noreg.

– Det er mange spanande prosjekt som går føre seg. Verda går heldigvis framover. Teknologien vert stadig betre. Du skal ikkje sjå vekk frå at vi i framtida kan sende tilnærma fersk mat med bane eller skip, seier Øyvind André Haram.

Kva tidsperspektiv tenkjer de då?

– Den som visste det hadde vore ein milliardær. Det er umogleg å seie noko om det her og no, svarar Øyvind André Haram.

SISTE NYTT

Siste nytt