Hopp til innhold

I natt måtte brannvesenet rykke ut 70 gonger

Opptøyane og brannane held fram i Stockholm, for femte natta på rad. No er det spreidd seg til innvandrarbydelen Rinkeby.

Skulebrann Kista

Ein skule i bydelen Kista begynte å brenne i natt.

Foto: NTB Scanpix

**Politistasjon sett i brann
**Rundt 70 utrykkingar
**Meir enn 12 arresterte

Det brann i bilar, skular og butikkar i forstadane til den svenske hovudstaden i natt. Fleire stadar vart det kasta stein mot politiet, som i natt arresterte minst 12 ungdommar for hærverk og mistanke om brannstifting. Også ein politistasjon vart tent på.

I innvandrarbydelen Rinkeby gjekk minst fem bilar opp i flammar torsdag kveld, og over 500 ungdommar hadde samla seg på eit tog. Her vart det også gjort store skadar i fleire butikklokale.

– Folk er forbanna

Det var ein opprørt stemning i bydelen, der mange samla seg for å vise avsky mot vandaliseringa, som no har halde på i fem netter.

– Folk er forbanna. Dei meiner at Rinkeby er betre enn dette, seier fotograf Fredrik Sandberg til SVT.

Bilbrann Rinkeby

Slik såg det ut i Rinkeby torsdag kveld.

Foto: NTB Scanpix

Politistasjonen i Älvsjø sør for Stockholm vart politistasjonen torsdag kveld forsøkt tent på, men vart sløkt etter kort tid. I bydelen Kista vart ein skule tent fyr på.

– Det er store skadar, halve skulen er nedbrent, seier augnevitnet Aleks Sakala til Expressen, som sjølv har barn på skulen.

Han trur skadane er så store at den ikkje vil kunne opne igjen før sommaren.

– Dette gjer meg forbanna. Blir det betre om ein brenner opp skulane? Dette her er så langt unna folkevett ein kan koma – det er galskap, seier han til avisa.

Rolegare natt

Stockholm-politiet meiner likevel natta har vore rolegare enn dei tidlegare nettene. Dei meiner eit auka oppmøte av frivillige organisasjonar har bidratt til dette.

– Ein av årsakene til at me har opplevd kvelden som rolegare er at fleire menneske er ute på byen, seier Towe Hägg i Stockholm-politiet.

Statsminister Fredrik Reinfeldt har i sterke ordelag kritisert ungdommane.

– Grupper av unge menn trur at dei med vald kan forandre samfunnet. Det er ikkje OK. Me kan ikkje la valden sigre, og la oss styre av det, sa han på ein pressekonferanse tysdag.

SISTE NYTT

Siste nytt