Hopp til innhold

Over 40 politifolk drepne i Kenya

Minst 42 politifolk vart drepne i eit bakhaldsåtak nord i Kenya i helga, opplyser politikjelder i landet.

KENYA politi åtak

Ein såra politimann fortel om åtaket han og andre politifolk vart utsett for frå sjukehussenga i Nairobi, Kenya.

Foto: STRINGER / Afp

Opphavleg vart det meldt at tolv politifolk vart drepne, men det er no funne fleire drepne.

– Talet på drepne politifolk er no 42. Fleire døde vart funne i ettermiddag, seier ein politikjelde til nyhendebyrået AFP måndag.

Ni politifolk er funne såra og frakta til sjukehus.

Mistenkjer kvegtjuvar

Politifolka var laurdag på jakt etter kvegtjuvar, då dei gjekk i eit bakhaldsåtak i Baragoi-distriktet nord i Kenya.

Tjuvane sto bak eit større kvegtjuveri 30. oktober i år, der dei også er mistenkte for å ha drept 13 mennesker.

Baragoi ligg avides til, og det har difor teke tid å leite etter ofra.

Kampar mellom eigarar og kvegtjuvar krev kvart år fleire titals ofre i landet, men det er sjeldan at politiet blir utsette for åtak.

– Største tapet nokosinne

Kjelder opplyser at også tre av dei kriminelle skal vere drepne.

– Me er i gang med ein større operasjon på bakken, seier talsmann for politiet, Eric Kiraithe, etter åtaket.

Hendinga reiser spørsmål og bekymringar kring tryggleik og politiet sine ressursar i valdelege område av landet, før det kenyanske presidentvalet i mars neste år.

– Me har aldri tapt så mange politifolk på ein gong, seier ei politikjelde som vil vera anonym, til AFP.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt