Hopp til innhold

Over 200 tankbilar brenn på grensa Afghanistan – Iran

Fleire hundre tankbilar lasta med drivstoff står i brann på den største grenseovergangen mellom Afghanistan og Iran. Minst sju menneske skal vere døde.

Tankbiler i brann på grensa melom Afghanistan og Iran

Ei rekkje tankbilar lasta med olje står i brann på den største grenseovergangen mellom Afghanistan og Iran.

Foto: AP / NTB

Den enorme brannen starta laurdag ved grensebyen Islam Qala, om lag 120 kilometer vest for Herat i Afghanistan. Vitne fortel om at det blei høyrd ein eksplosjon. Så slukte flammane raskt tankbil etter tankbil som stod parkert på grenseovergangen.

Nøyaktig kor mange tankbilar som er ramma er uklart. Tala varierer frå 200–300 og opptil 500. Berre nokre få er berga unna flammane.

– Brannen er så stor at ingen kan komme nærare enn ein kilometer frå han, seier leiar i Herats handelskammer Younus Qazi Zada.

Han opplyser at olje for fleire millionar dollar truleg har gått tapt, men at brannen må sløkkjast før ein får full oversikt.

Tankbiler i brann i Afghanistan

Svart tjukk røyk veltar opp frå området rundt grenseovergangen.

Foto: AP/ NTB

60 skadde, 7 døde

Årsaka til brannen er så langt ikkje kjend. Minst 17 personar er frakta til sjukehus, nokre av dei med alvorlege brannskadar. Ifølge nyheitsbyrået AP er minst sju omkomne funne. Reuters melder at minst 60 er skadde.

Ein talsmann for guvernøren i Herat-provinsen seier dei ikkje har utstyr til å sløkkje brannen og at lokalstyresmaktene har bede den iranske staten om bistand.

Islam Qala er ein av dei største inngangsporten for handel med Iran. Afghanistan har fått grønt lys frå USA til å importere olje og gass frå Iran trass USAs sanksjonar mot landet.

Grenseovergangen Islam Qala mellom Iran og Afghanistan der ein enorm brann herjar.