Hopp til innhold

Over 200 sakna etter flaumen i Colorado

Fire menneske er stadfesta omkomne og 218 er sakna i flaumen som herjar den amerikanske delstaten Colorado.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

President Barack Obama har erklært unntakstilstand i Boulder og fleire andre byar i Colorado, etter det verste uveret på mange år. Nedbørsrekorden for september frå 1940 er slått grundig, og det regnar framleis.

218 er sakna i flaumen i Boulder, melder CNN.

Frå hus til hus

Regn og flaum i Colorado

Ei gravid kvinne blir hjelpt ut av huset sitt av naboar i Boulder.

Foto: Jeremy Papasso / Ap

I går kveld lokal tid var det eit lite opphald i regnet og redningsmannskapa gjekk frå hus til hus og henta ut over 2000 menneske som ikkje kom seg nokon veg. Det er uklart kor mange som er evakuerte frå heimane sine i delstaten, men det er snakk om fleire tusen, kanskje over 10.000.

Etter lang tid med høge temperaturar og tørke kom det kraftige regnveret svært overraskande på mange. Mange av dei som var fanga i husa sine hadde ikkje forsyningar til å greie seg, og særleg var det mangel på vatn. Vatnet i springen kan ikkje drikkast på grunn av flaumen, og mange av dei som vart evakuerte var dehydrerte.

National Weather Service, USAs meteorologiske institutt, seier at regnveret som har ramma Colorado dei siste døgna har bibelske proporsjonar. Byen Boulder er hardast ramma, men også store delar av byane Denver, Colorado Springs og Fort Collins står under vatn.

Frå flaumen i Colorado.

VIDEO: Colorado hardt ramma av flaum

Eitt års nedbør på ein dag

Regn og flaum i Colorado.

Dei flest elvane i Colorado har gått over breiddene sine.

Foto: Dennis Pierce / Ap

Torsdag åleine fekk Colorado like mykje regn som normalt kjem i løpet av eit heilt år.

Elvane har gått over breiddene sine, og mange vegar har blitt til elvar. Hus er vaska bort av dei enorme vassmengdene, og mange bilar er tekne av flaumen. Folk i dei mest utsette områda har blitt bedne om å kome seg opp i høgare lende, men mange måtte ha hjelp for å kome seg ut av husa sine.

Det vart meldt i går at redningsmannskapa hadde problem med å kome seg fram til ein del hardt ramma byar ved foten av Rocky Mountains, og det er frykt for at talet på sakna kan vere høgare enn dei 181 som styresmaktene har oppgitt.

LES OGSÅ: - Regn og flaum av bibelske proporsjonar i Colorado

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt