NRK Meny
Normal

Over 140 drepne i flyangrep i Jemen

Meir enn 140 menneske vart drepne og over 520 såra då uidentifiserte fly skaut rakettar mot ein gravferdsseremoni i den jemenittiske hovudstaden Sanaa laurdag.

Bombeangrep mot gravferd i Jemen.

Over 80 vart drepne og meir enn 500 såra i angrepet mot ein bygning i Sanaa der det gjekk føre seg ei gravferd.

Foto: MOHAMMED HUWAIS / Afp

Sanaa er styrt av Houthi-militsen, og det var faren til innanriksminister Galal al-Rawisham, sjeik Ali-al-Rawisham, som vart gravlagt i bygningen som vart bomba. Han døydde av naturlege årsaker.

Houthi-administrasjonen seier det var den arabiske koalisjonen leidd av Saudi-Arabia som stod for bombinga, men dette blir avvist av koalisjonen.

Koalisjon

Angrep mot gravferd i Sanaa.

Ein rakett gjekk rett gjennom taket på bygningen der gravferda heldt på.

Foto: MOHAMMED HUWAIS / Afp

Angrepet skjedde i det sørlege delen av byen. Dødstalet er blant dei høgste i eitt angrep etter at den Saudi-leidde koalisjonen starta ein militæroperasjon for å jage Houthi-militsen ut av Sanaa, og sette inn igjen president Abd-Rabbu Mansour Hadi.

Mansour vart styrta av Houthi-militsen i mars 2015. Houthi-militsen er støtta av Iran, medan Mansour Hadi har støtte frå dei arabiske nabolanda.

Augevitne kan fortelje om forferdelege scener i og rundt bygningen som vart angripen. Lik og hardt såra menneske låg strøydde. Dei seier at flya fyrte av to rakettar mot bygningen, som straks tok fyr.

– Norge bryter sin egen politikk når vi selger militært utstyr til Emiratene

Over 1000 barn drept: – Jemen er et helvete på jord

Angrep mot gravferd i Sanaa.

Bygningen vart fullstendig øydelagt i angrepet, der over 80 menneske vart drepne og over 500 såra.

Foto: MOHAMMED HUWAIS / Afp
Flyangrep mot gravferd i Jemen.

Døde og såra menneske låg over alt etter angrepet mot ei gravferd i Sanaa.

Foto: MOHAMMED HUWAIS / Afp

Mange sivile

Fleire av dei drepne og såra skal vere frå militæret og tryggingstenesta til Houthi-militsen, men det er mange sivile blant offera.

Ein talsmann for Houthi-styresmaktene fordømte angrepet og kalla det reint barbari.

FN opplyser at over 6000 menneske er drepne i krigen i Jemen, medan minst tre millionar har flykta frå heimane sine etter at den Saudi-leidde koalisjonen gjekk inn i krigen på Abd-Rabbu Mansour Hadi si side i fjor.

Angrep mot gravferd i Jemen.

Bygningen vart totalt jamna med jorda i angrepet, der over 80 menneske vart drepne.

Foto: Osamah Abdulrhman / Ap

IMF: Konflikter har ødelagt en hel generasjons fremskritt

Hvor ble det av Al Qaida?

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt