Hopp til innhold

Minst 100 mista livet i uvær

Kraftig monsunregn og jordskred har kravd over 100 menneskeliv i Bangladesh.

Redningsmannskap ved eit jordskred i Chittagong.

Redningsmannskap ved eit jordskred i Chittagong.

Foto: STR / REUTERS

Blant dei døde er 15 menneske som mista livet då husa dei budde i vart gravlagde av leire i hamnebyen Chittagong.

Over 1000 politifolk, soldatar og brannmenn deltok tirsdag i redningsarbeidet, seier ein talsmann.

Talet på omkomne vil auke

Regnvêret held fram og gjer leitearbeidet vanskeleg.

Det er frykt for at talet på omkomne vil auke.

Av de 101 dødsfalla som er registrerte til no, har ti omkomme av lynnedslag i ulike delar av landet.

Les også: Eit havland forsvinn

 

Ambulansen forsøker å ta seg fram i Chittagong by.

Ambulansen forsøker å ta seg fram i Chittagong by.

Foto: STR/BANGLADESH / REUTERS

 

SISTE NYTT

Siste nytt