Ousland isfast i Polhavet: – Skulle gjerne hatt litt dynamitt

– Vi skulle gjerne hatt litt dynamitt, slik at båten kom seg laus. Det seier polfarar Børge Ousland, som sit isfast på «Lance» nord for Svalbard. No blir det jul i isen.

Prøver å få løs "Lance"

Motorsaga er flittig i bruk for å prøve å få «Lance» laus frå isen. Men førebels utan hell.

Foto: Etienne Claret

Etter å kryssa mesteparten av Polhavet, kom Børge Ousland og Mike Horn fram til «Lance» seint laurdag kveld 7. desember, etter 87 dagar på isen. Båten var sendt nordover for å hente dei, og ta dei vidare til Svalbard.

No, vel to veker seinare, er dei der framleis. «Lance» sit bom fast i isen. Dei einaste som har forlate skipet, er tre personar som blei evakuerte med helikopter fredag ettermiddag, og frakta inn til Longyearbyen. Ein av dei blei henta ut av medisinske årsaker.

19 menneske er igjen om bord.

Børge Ousland (t.h.) og Mike Horn

Børge Ousland (t.h.) og Mike Horn før dei nådde fram til «Lance».

Foto: Børge Ousland

– På feil stad til feil tid

– Vi har motorsag og motorisert isbor som vi sagar hol i isen med, med det vi ikkje har, er dynamitt. Det har vore brukt tidlegare for å få laus båtar som har gått seg fast. Då kunne vi sprengt isen, seier Ousland.

Båten er ganske nær ope hav, fortel han.

– Vi er ikkje langt frå iskanten, men det som skjedde var at vi kom inn i litt tjukkare is, og så begynte det å skru seg til rundt oss. Vi var kanskje på feil stad til feil tid. Sidan har vi sete fast som i ei skrustikke. Isen pressar seg opp langs skutesida. Vi går på skift og prøver å sage og bore oss laus.

Lance i isen i 2015.

«Lance» er leigd inn av polfararane, og ligg no fast i isen nord for Svalbard. Biletet er tatt under ein forskingsekspedisjon i 2015.

Foto: Norsk Polarinstitutt

Ventar på skikkeleg storm

– Så no blir det jul i isen?

– Det gjer nok det, dessverre. Mike og eg har vore ute i fire månader, men vi er jo 19 menneske på denne båten. Venner og familie ventar. Mange såg for seg at dei berre skulle vere borte eit par veker. Men vi gjer det beste ut av det. Det blir ishavsjul med pinnekjøtt og det som høyrer til. Vi skal nok få ei fin jul. Humøret er bra.

Han understrekar at dei ønskjer å klare seg utan hjelp frå styresmaktene.

Vi vil helst prøve å komme oss laus på eiga hand, og håpar det vil gå. Eg ser faktisk ei råk berre 200 meter unna. Håpet er at det skal komme litt meir vind. Vi treng ein skikkeleg storm, slik at isen bryt opp.

Tar farvel med mannskapet på Pangaea, og legg i veg på ski mot Nordpolen og vidare i retning Svalbard.

Tar farvel med mannskapet på Pangaea, og legg i veg på ski mot Nordpolen og vidare i retning Svalbard.

Tvers over Polhavet

Børge Ousland og Mike Horn starta ekspedisjonen i Nome i Alaska 25. august. Saman med mannskapet på Horn sin båt, «Pangaea», drog dei gjennom Beringstredet og nordover mot isen.

På 85 grader og 30 minutt nord nådde dei iskanten, og 12. september tok på seg skiene. Dermed starta del to av ekspedisjonen, via Nordpolen og sørover mot Svalbard. Siste del av turen skulle gå med den same seglbåten frå iskanten og ned til Longyearbyen.

Men isen viste seg å vere altfor utfordrande for ein seglbåt. 25. november blei det klart at Ousland og Horn skulle hentast ut av isen med ein langt kraftigare båt, det tidlegare forskingsskipet «Lance».

Pangaea i Polhavet

Det var seglbåten Pangaea som etter planen skulle hente polfararane ved iskanten nord for Svalbard. I staden blei det «Lance».

Foto: Etienne Claret

– Vi har ikkje kontroll på isen, og tryggleiken går framfor alt, sa ekspedisjonsleiar Lars Ebbesen til NRK.

Med på «Lance» var Bengt Rotmo og Aleksander Gamme, som møtte Ousland og Horn ute på isen. Ousland fortel dette om avgjerda om å bruke «Lance»:

– Mike ønskte ikkje å ta seglbåten inn i isen. Den avgjerda støttar eg. Vi såg oss om etter andre løysingar. No blir avslutninga på ekspedisjonen med båt, slik vi hadde planlagt, altså med ein båt som toler litt meir is.

polhavet

Børge Ousland og Mike Horn har kryssa nesten heile Polhavet frå Alaska, først med båt (blå linje), så på ski (raud linje). Siste strekk skal gå med båt igjen (blå linje).

Grafikk: Joakim Digernes-Nordström / NRK

Lite klimavennleg

– Det å bruke «Lance», som brenner olje dag etter dag, er vel ikkje spesielt bra for klimarekneskapen?

Saging av is ved "Lance"

Det er store mengder is rundt «Lance».

Foto: Etienne Claret

– Nei, det er klart. Og ein møter jo seg sjølv i døra mange gonger på ein slik ekspedisjon. Men dette får vi ikkje gjort noko med. Vi valde denne løysinga for å få gjennomført ekspedisjonen. Det er no ein gong slik at ein av og til blir nøydd til å bruke bil, fly eller båt for å gjennomføre det ein har bestemt seg for. Det viktigaste er at ein reflekterer over det, er opptatt av kva som skjer med klimaet, og gjer det ein kan for å redusere klimaavtrykket.

Han understrekar at «Lance» ikkje bruker motoren slik båten ligg no.

– Vi bruker berre ein generator til straum og varme. Det er først når vi bruker motoren og er i gang, at oljeforbruket stig. Så om vi ligg her ei eller to veker ekstra har det lite å seie for klimarekneskapen samla.

Børge Ousland og Mike Horn i Polhavet

Store råker og tynn is har vore ei utfordring på turen over Polhavet.

Foto: Mike Horn

– Dramatiske endringar

– Under turen på ski opplevde du at det var tynt med is. No sit «Lance» fast i isen. Det kan verke som eit paradoks?

– Ja, det kan det. Men vi skal hugse at vi framleis ligg på 81 grader og 20 minutt nord, så vi er framleis ganske langt nord for Svalbard. Og iskanten ligg jo normalt mykje lenger sør. Så det er slett ingen tvil om at det er mykje mindre is i Polhavet no enn det har vore historisk sett. Det at isen har minka, er denne ekspedisjonen eit ganske klart eksempel på, seier Ousland.

This image shows the Arctic sea ice age in August, 2019
This image shows the Arctic sea ice age in August, 1987

August 1987 mot august 2019.

VISUALISERING: NASA's Scientific Visualization Studio

Han fortel at han og Horn har sett svært lite til det han kallar «den gode, gamle fleirårsisen», altså den isen som «overlever» smeltinga om sommaren, og veks igjen om hausten.

– Vi trefte eit flak med gammal fleirårsis i starten, elles har det vore is som er eitt eller maksimum to år gammal. Så at forholda har endra seg dramatisk på 20–30 år, er det ingen tvil om. Eg har sett den skilnaden veldig tydeleg på denne ekspedisjonen, seier Ousland, som har bak seg mange ekspedisjonar i desse områda.

Då NRK snakka med Ousland i september, sa han dette om formålet med ekspedisjonen:

– Vi ønskjer først og fremst å gjennomføre denne turen fordi det er ei klassisk polferd som vi har drøymt om lenge. Men paradokset er jo at det er klimaendringane som gjer denne turen mogeleg, rett og slett fordi det er blitt så lite is. Så vi håpar at folk skal få auga opp for kva som eigentleg skjer med isen i Arktis.

Børge Ousland kommer over den siste råken før møtet med de andre polfarerne.

Børge Ousland padlar dei siste metrane over råka før møtet med dei andre polfararane.

Foto: Bengt Rotmo

– Må gjere noko mens vi kan

Det han har sett under turen på tvers av Polhavet, har gjort inntrykk.

– Polhavet er staden der vi ser endringane først, og dei endringane er eit klart signal og varsel om kva som vil komme. Eg ser for meg store forandringar framover – i flora og fauna, og temperatur- og verforhold. I Polhavet ser vi desse endringane her og no. Det er dramatisk og skremmande. Klimaendringane er noko vi verkeleg må ta på alvor no mens vi har ein ørliten sjanse til å gjere noko med problemet, seier den erfarne polfararen.

No ventar han og dei andre i spenning på når dei kjem seg vidare.

– Vi har levd usikkert ute i drivisen og kjempa mot kulde og mørke og råker, det har vore ein kamp heile vegen. No er eg glad for at vi snart har gjennomført ekspedisjonen, og at vi er på ein trygg stad her på «Lance». Eg ser fram til å sjå sola igjen, og å treffe familien.

Håpet er å vere tilbake til nyttår, eller rett over nyttår.

– Vi er så nær iskanten at vi treng berre ein skikkeleg storm. Vi kryssar fingrane!

Børge Ousland forteller om dramatikken da Mike Horn falt i en råk fredag.

Børge Ousland fortel om dramatikken då Mike Horn fall i ei råk mot slutten av turen.

SISTE NYTT

Siste nytt