Hopp til innhold

Kista til Lee Harvey Oswald til sals

No er det mogleg å kjøpe kista som Lee Harvey Oswald vart gravlagd i. Ho skal vere grei å sette i stand, ifølgje auksjonshuset.

Kista til Lee Harvey Oswald

Høgste bud til no er 1000 dollar.

Foto: Jae C. Hong / Ap

Lee Harvey Oswald

Lee Harvey Oswald vart drepen før han fekk dommen.

Foto: AP

Lee Harvey Oswald skytes av Jack Rubee

Han vart skoten av Jack Rubee.

Foto: AP / ap

Oswalds Coffin

Kista har store vasskader, men skal vere lett å fikse.

Foto: Jae C. Hong / Ap

Furukista som Lee Harvey Oswald vart gravlagd i, har fått nokre vasskader på dei 18 åra ho var under jorda før ho vart gravd opp.

No er ho til sals, opplyser Laura Yntema ved auksjonshuset Nate D. Saunders til nyheitsbyrået AFP.

– Vi har allereie merka stor interesse, seier ho.

Store fuktskader

Oswald var klaga for å ha teke livet av president John F. Kennedy 22. november 1963 , men vart sjølv drepen to dagar etter, utan at han fekk ein rettssak.

Allereie 25. november vart han gravlagd, og Oswald har sidan då vore sentrum for spekulasjonar om kva som eigentleg skjedde.

Grava vart opna 4. oktober 1981. Kista hadde då fått store vasskader, ifølgje auksjonshuset.

– Loket var svakt på mange stader og ein plass hadde det gitt etter, og delvis eksponert liket av Oswald. Utsida av kista var veldig blaut etter fuktskadane og var misfarga på nokre område, skriv dei.

– Lett å fikse

Det er med andre ord ikkje ei heilstøypt kiste som er til sals.

– Det er ei enkel furukiste... Ho har vore under bakken i mange år... eg vil kalle ho brukt, seier Yntema.

Men det bør ikkje vere noko hinder for kjøparane.

– Ho vil vere lett å sette i stand, seier ho.

Høgste budet er onsdag på 1.000 dollar. Auksjonen er over 19. desember.

Oswalds Coffin

Auksjonshuset seier salet har fått stor merksemd.

Foto: Jae C. Hong / Ap

SISTE NYTT

Siste nytt