Hopp til innhold

OSSE nekta å sleppe inn i ukrainsk by

Observatørar frå Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) blir nekta å sleppe inn i den ukrainske byen Debaltseve. Det er framleis kampar ved byen trass i våpenkvila.

UKRAINE-RUSSIA-CRISIS

Stridsvogn frå den ukrainske hæren utanfor byen Debaltseve søndag. Det er framleis kampar ved byen, trass i våpenkvila.

Foto: ANATOLII STEPANOV / Afp

Dei russisk-vennlege opprørarane i Aust-Ukraina nektar observatørane frå OSSE å komme inn i Debaltseve. Det seier leiaren for OSSE-observatørane i området, Ertugrul Apakan.

Ein av opprørsleiarane, Eduard Basurin, seier til nyheitsbyrået Reuters at våpenkvila ikkje gjeld Debaltseve. – Sjølvsagt kan vi skyte mot Debaltseve. Det er vårt territorium, sa Basurin til nyheitsbyrået Reuters søndag.

Kampar ved Debaltseve

Det er i Debaltseve kampane har vore mest omfattande den siste tida. Og det har vore fleire angrep ved byen etter at våpenkvila tok til å gjelde ved midnatt lokal tid.

I alt har det vore rundt 60 angrep mot regjeringsstyrkane sidan våpenkvila tok til å gjelde, dei fleste ved Debaltseve, sa ein talsmann for det ukrainske forsvaret søndag ettermiddag.

Opprørarane har omringa dei ukrainske styrkane i Debaltseve, som er eit viktig jernbaneknutepunkt. Opprørsleiar Aleksandr Zakhartsjenko sa laurdag at det blir å rekne som aggresjon dersom soldatane prøver å bryte seg ut etter at våpenkvila har teke til å gjelde.

– Alle slike forsøk vil bli stansa av oss, sa Zakhartsjenko.

Våpenkvila respektert dei fleste stader

UKRAINE-CRISIS/ Apakan, Chief Monitor of the OSCE Special Monitoring Mission to Ukraine, addresses a news conference at OSCE's headquarters in Vienna

Våpenkvila blir stort sett respektert, seier leiaren for OSSE-observatørane i området, Ertugrul Apakan.

Foto: HEINZ-PETER BADER / Reuters

OSSE-leiar Ertugrul Apakan seier søndag at våpenkvila stort sett blir respektert, bortsett frå i Debaltseve og Luhansk. Dette er byar der opprørarane, som kjempar mot dei ukrainske regjeringsstyrkane, har eit sterkt fotfeste.

Det er i samsvar med meldingane frå det ukrainske forsvaret. Ein talsmann seier at artilleriangrepa frå russiskvennlege opprørarar er sporadiske og avgrensa til enkelte område.

Ved midnatt natt til søndag gav president Petro Porosjenko ordre til dei væpna styrkane om å stanse skytinga. Våpenkvila var dermed eit faktum.

Ukrainas president Petro Porosjenko

President Petro Porosjenko kunngjorde laurdag kveld at det var innført våpenkvile.

Foto: VALENTYN OGIRENKO / Reuters

Fredsavtalen blei forhandla fram torsdag av presidenten i Ukraina, Petro Porosjenko, den russiske presidenten, Vladimir Putin, den tyske forbundskanslaren, Angela Merkel og residenten i Frankrike, François Hollande.

Talsmann for den russiske regjeringa, Dmitry Peskov, sa søndag at våpenkvila må bli respektert utan unnatak.

SISTE NYTT

Siste nytt