Hopp til innhold

Oskeskyer truar flytrafikken igjen

Vulkanen under Eyafjällajökull på Island spyr igjen ut store mengder oske og lava, og det er frykt for at flytrafikken på nytt kan bli lamma.

Vulkanen under Eyafjällajökull spyr ut oske og lava.

Vulkanen under Eyafjällajökull spyr ut oske og lava igjen.

Foto: INGOLFUR JULIUSSON / Reuters

I dag har oskeskya skapt problem for flytrafikken over Storbritannia og Irland. Flyplassen i Manchester, den nest travlaste på dei britiske øyane etter Heathrow utanfor London, har vore delvis stengd i dag, og opnar tidlegast i morgon.

Alle flyplassane i Nord-Irland har vore stengde i dag.

LES OGSÅ: Vi har mer i vente

Dublin stengjer

Inger-Lise Aasen Askautrud

Statsmeteorolog Inger-Lise Aasen reknar ikkje med at flytrafikken i Noreg vil bli ramma dei nærmaste dagane.

Foto: Bård Gudim

Flyplassen i den irske hovudstaden Dublin er varsla stengd frå klokka 20 i kveld og til i morgon tidleg. Oskeskya frå Island går søraustover mot Storbritannia og Irland, og det er venta at fleire flyplassar må stengje i morgon.

Om flyplassane rundt London blir stengde vil det truleg få konsevensar også for trafikken frå og til norske flyplassar.

Animasjon av oskeskya på met.no

Den transatlantiske trafikken er førebels ikkje ramma av oskeskyene frå Island.

Vulkanologen Bjørn Oddson frå Universitetet i Reykjavik har vore i vulkanområdet i dag, og han kan fortelje at den vulkanske aktiviteten er aukande. Han opplyser at røyken frå vulkanen no rekk åtte kilometer opp i lufta, to kilometer høgare enn i går.

LES OGSÅ: Se video av hvor askeskyen blir til – timelapse av Eyjafjallajökull

LES OGSÅ: Se video av hvor askeskyen blir til – timelapse av Eyjafjallajökull

- Noreg går klar

Statsmeteorolog Inger-Lise Aasen seier til NRK.no at det ser ut som om Noreg går klar av oskeskya, i alle fall dei nærmaste dagane. Ho fortel at det ligg eit lågtrykk nord for dei britiske øyane, som dreg oska med seg sørover mot Storbritannia og Irland.

LES OGSÅ: Europa kan få nye askeregler

LES OGSÅ: Folk drar fra hjemmene sine på Island

LES OGSÅ: Vi har mer i vente

Uoffisielle modellar viser at oska vil kome austover mot Noreg og dei andre skandinaviske landa etter kvart, men truleg ikkje eit så stort omfang at det vil skape problem for flytrafikken.

Inger-Lise Aasen kan fortelje at det ikkje er målingar av oskeforekomsten i lufta, og at alle prognosar er baserte på modellar. Derfor kan ho heller ikkje seie sikkert om dei nye oskeskyene kan vere like store som dei som stengde store delar av flytrafikken i Europa for tre veker sidan.

Utbrotet i Eyafjällajökull er igjen aukande.

Utbrotet i Eyafjällajökull er igjen aukande, og det vil få følgjer for flytrafikken.

Foto: INGOLFUR JULIUSSON / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt