NRK Meny
Normal

Oscar Pistorius dømd for å ha drepe kjæresten med vilje

Den verdskjente paralympicsutøvaren frå Sør-Afrika, som vart kjent med kallenamnet Blade Runner, er dømd av ein sørafrikansk domstol for forsettleg drap på kjærasten.

SAFRICA-PISTORIUS/ File photo of Olympic and Paralympic track star Pistorius looking on ahead of his sentencing hearing in Pretoria

Han var ein av Sør-Afrikas største idrettsstjerner, men då han skaut kjærasten sin, så vart livet til Oscar Pistorius snudd opp ned. No er han dømd for å ha drepe kjærasten med vilje.

Foto: SIPHIWE SIBEKO / Reuters

– Skuldig i mord, og den skuldige hadde mord som intensjon, sa dommar Eric Leach då han i dag las opp dommen i rettssalen i Bloemfontein i Sør-Afrika.

Det er framleis uvisst kor lang fengselsstraff Pistorius no er dømd til.

Oscar Pistorius og Reeva Steenkamp

Oscar Pistorius og Reeva Stenkamp er her på ei sørafrikansk prisutdeling for idrettsutøvarar. Pistorius er no dømd for drapet på kjærasten.

Foto: STRINGER / Reuters

Drap på valentinsdagen

I fjor vart Pistorius dømd til fem års fengsel for uaktsamt drap på kjærasten og modellen Reeva Steenkamp, men får altså no ein strengare straff etter at påtalemakta anka den første dommen. Domstolen tar til følge påtalemakta sitt krav om ei strengare straff.

Pistorius drap kjærasten sin på Valentinsdagen i 2013. Han har forklart at han trudde det var ein innbruddstjuv inne på badet i leilegheita, og at han skaut gjennom ei baderomsdør mot det han trudde var tjuven. Det var derimot kjærasten han skaut.

Domstolen trur ikkje på Pistorius si forklaring, og meiner altså at han drap kjærasten sin med vilje.

Lang rettssak

Dommar Leach seier at Pistorius burde visst at den som var bak døra kom til å døy, og at det difor ikkje speler nokon rolle om han trudde det var ein tjuv eller nokon andre. Dommaren understrekar at Pistorius ikkje hadde noko grunnlag til å tru at personen bak døra var ein trugsel eller ikkje.

Oscar Pistorius

Oscar Pistorius var ein populær og verdskjent sprintar som hadde amputert begge beina.

Foto: Anja Niedringhaus / Ap

Påtalemakta meiner Pistorius skaut kjærasten etter ein krangel. Folk som kjente paret har fortalt at Pistorius kunne ha ein tendens til å bli særs sjalu når personar viste interesse for Steenkamp.

Rettssaka i etterkant av drapet har tatt lang tid, og hatt mange vendingar. Pistorius vart først dømd til fem år i fengsel i september i fjor, og dømd for uaktsamt drap. Påtalemakta anka dommen fordi dei meinte Pistorius hadde gjort det med vilje, og høgsterett har no altså sagt seg einige med påtalemakta.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt