Hopp til innhold

Ny faretrugande orkan

Den tropiske stormen «Danielle» er oppe i orkanstyrke, og kan treffe austkysten av USA om ei veke.

Danielle herjar i Atlanterhavet

Orkanen Danielle herjar i Atlanterhavet.

Foto: HO / Afp

Orkanen som no kvernar rundt i det sentrale Atlanterhavet, er måndag kveld oppe i ei hastigheit på 120 kilometer i timen, melder det amerikanske orkansenteret.

Høgaste vindhastigheit var i føremiddag 55 kilometer i timen. Vinden i stormsenteret har dermed auka kraftig i løpet av få timar, og det er venta at orkanen vil auke i styrke i løpet av natta.

Danielle er med det den andre Atlanterhavs-orkanen så langt i orkanseesongen, som varer frå 1.juni til 30. november. Årets første orkan, «Alex» tok fleire liv på sin ferd, og tordna inn over strendene i Mexico i slutten av juni.

Mot Bermuda

Orkansenteret i Miami opplyser søndag kveld at posisjonen til Danielle er 2120 kilometer aust for Dei små Antillane.

Ifølgje nyheitsbyrået Reuters er det venta at Danielle vil bevege seg nordvestover, mot Bermuda, og ikkje mot viktige olje- og gassfelt i Mexicogolfen slik ein først frykta.

Spår fleire orkanar

Ekspertar spår at det kan danne seg så mange som sju orkanar i Atlanterhavet i løpet av årets orkansesong.

Grensa for tropisk storm går ved 63 kilometer i timen, medan vindstyrkar over 117 kilometer i timen vert rekna som orkan.


SISTE NYTT

Siste nytt