NRK Meny
Normal

Flaum og jordskred etter «Jova»

I Mexico har minst fire menneske mista livet etter at orkanen «Jova» storma inn over Stillehavskysten.

Mexico Tropical Weather

Innbyggjarar i Villa de Coral tek seg gjennom flaummassane som orkanen Jova har etterlate seg.

Foto: Marco Ugarte / Ap

Blant dei fire døde er ei 21 år gammal kvinne og den fem år gamle dottera hennar, som det kraftige flaumvatnet skylde vekk.

Hardast råka av uvêret er byar og lågtliggjande område langs kysten i delstaten Jalisco, 650 kilometer vest for Mexico by.

Framleis stor trugsel

Soldatar patruljerer gatene, og 170 menneske som bur i høgrisiko-område er flytta til andre tilfluktsstader.

Det har gått særleg hardt utover byen Manzanillo , der store delar av hamneområdet står under opp til éin meter med vatn. All hamneaktivitet er innstilt og mange restaurantar langs strandpromenaden er i fare etter at ein støttemur kollapsa.

«Jova» miste status som orkan etter at den trefte land i delstaten Jalisco onsdag, men var framleis ein kraftfull og farleg storm som utløyste omfattande overfløyming, jordskred og straumbrot.

Ein dag etter at den råka land, hadde stormen framleis vindar oppe i 45 kilometer timen. Store nedbørsmengder utgjer framleis «ein stor trugsel», ifølgje Det nasjonale stormsenteret i Florida, USA.

Mexico har vorte råka av fleire orkanar og stormar i år. Dei fleste har halde seg til havs, men den første, Arlene, kosta 16 menneske livet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt