Hopp til innhold

Orkanen «Arthur» har nådd land

Den tropiske orkanen «Arthur» nådde like etter klokka fem norsk tid land på den amerikanske austkysten, melder Det nasjonale orkansenteret i USA.

Satellittfoto av Orkanen "Arthur" torsdag kveld.

Dette satellittfotoet av «Arthur» er frå i går kveld ved 23-tida norsk tid.

Foto: NOAA / Reuters

Landkjenninga skjedde nær Cape Lookout på sørsida av Outer Banks-området i Nord-Carolina. Det er målt vindstyrke til opptil 163 kilometer i timen. Det er frykt for at orkanen, som no er kategori 2, skal gjere skade under feiringa av den amerikanske nasjonaldagen i dag.

«Arthur» har kategori 2 på Saffir-Simpson-skalaen, som går frå 1 til 5, og der 5 er den mest alvorlege.

Første sidan «Sandy»

«Arthur» er den første orkanen når land i USA sidan «Sandy» i 2012, ein orkan som gjorde stor skade i New York og New Jersey. Det er likevel ikkje venta at «Arthur» skal føre til så omfattande øydeleggingar.

Auget i stormen gjekk litt vestover torsdag litt austover, slik at det truleg blir dei austlege delane av Nord-Carolina som blir hardast ramma. Innbyggjarane i Nord-Carolina og Sør-Carolina blir likevel oppmoda om ikkje å ta for lett på uveret.

Det er venta at «Arthur» vil bevege seg i nordvestleg retning i løpet av dagen, og orkanen vil då kome over kaldare havvatn og svekkje seg. Det er sendt ut stormvarsel for fleire kystområde lenger nord på austkysten, men det er venta at «Arthur» då vil vere så svekt at han ikkje vil utgjere nokon fare.

Langhelg

Det var tidlegare i natt tvil om «Arthur» ville nå land, men National Hurricane Center melde altså om landkjenning like etter klokka fem.

Det var venta at rundt ein halv million menneske ville reise til strandområda i dei to delstatane Nord- og Sør-Carolina denne langhelga, sidan nasjonaldagen 4. juli i år fell på ein fredag. Orkanvarselet har gjort at dei fleste har valt å bli heime.

Data frå amerikanske styresmakter viser at orkanaktiviteten i USA er redusert på 20 prosent sidan år 1900.

LES OGSÅ: Orkanen «Arthur» truar 4. juli-feiringa

SISTE NYTT

Siste nytt