NRK Meny
Normal

15.000 orkan-skadde bilar på auksjon

Eit selskap i New York auksjonerer vekk 15.000 bilar som vart øydelagde under orkanen Sandy. Men delstaten åtvarar innbyggjarane mot å kjøpa seg eit flaum-vrak.

Eit selskap i New York auksjonerer vekk 15.000 bilar som vart øydelagde under orkanen Sandy.

Totalt i regionen blei om lag 230.000 køyretøy øydelagde av uvêret Sandy, som slo inn over austkysten til USA den 29. oktober i fjor.

Selskapet Insurance Auto Auctions Corp. har no opna auksjonen av bilane som står samla på eit over 200 dekar stort område på Long Island i New York.

Bilar som ikkje er brukande som transportmiddel blir vraka eller selde i delar.

230.000 orkan-skadde bilar

Totalt i regionen blei om lag 230.000 køyretøy øydelagde av uvêret Sandy, som slo inn over austkysten til USA den 29. oktober i fjor.

Det var særleg overfløyminga, eit resultat av stormflaumen og kraftig regnvêr, som tok knekken på store delar av bilparken. Mange tusen bilvrak står framleis på vent i store lagerlokale medan styresmaktene handsamar forsikringskrav.

Mange som bur i forstader og pendlar inn til arbeidsplassar i sentrale delar av New York fekk ein trøblete kvardag då dei brått var utan bil, og styresmaktene i delstaten har jobba tett med amerikanske bilutleigefirma for å få på plass titusenvis av utleigebilar medan folk ventar på eit erstatningsoppgjer.

(Artikkelen held fram under biletet)

STORM-SANDY/ Handout image of Hurricane Sandy destruction along the New Jersey shore

Også delstaten New Jersey, like sør for New York, blei hardt råka av 'Sandy'

Foto: HANDOUT / Reuters

Fryktar for miljøet

Delstaten åtvarar no potensielle kjøparar om problem som kan oppstå med køyretøy råka av flaum. Saltvatnet kan gjera drivstoff- og bremseystem, aircondition og andre komponentar defekte.

Det vil truleg ta mellom seks og tolv månader før alle dei 15. 000 auksjonsklare bilane har fått nye eigarar eller eit nytt bruksområde.

Lokalbefolkninga på Long Island er uroa for at opphopinga av vrak vil få langvarige konsekvensar for miljøet.

Frykta er at olje, drivstoff og andre kjemikaliar skal leka ut i grunnvatnet og skada miljøet i området.

– Me tek utan tvil vare på miljøet i alle område me nyttar som lagringsplass, forsikra nyleg Jeanene O`Brien, ei talskvinne for Insurance Auto Auctions, innbyggjarane om via Newsday.

Superstorm Sandy

Kate Traina (14) ser på ruinane av huset der besteforeldra budde på Staten Island i New York.

Foto: Seth Wenig / Ap
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt